tirsdag 1. april 2014

Norsaq- og reverse sweep- ruller

I ettermiddag vart  det tid til ei lita rulleøkt igjen. Først Norsaq- rulle; begynne framme, slutte bak:

Høgre:



Venstre:



Så lenge eg tek desse roleg, går det bra. Viss eg prøver å gjere dei fort og stressar, går dei ikkje bra..

Så ville eg prøve den framoverlente (begynne framme- avslutte framme). I dag fekk eg ikkje til denne...



Så kjem rullene eg øvde mest på i dag; reverse sweep. Høgre side er ganske bankers no:



Men venstre, var det ikkje snakk om i dag. Difor; rykke tilbake til start, og øve på chest scull, venstre side igjen....



Ingen surprise i dag.. Går i rykk og napp dette her..

2 kommentarer:

  1. Utruleg irriterande det med eit skritt fram og eit tilbake. merkeleg at ikkje lærdommen sitt som spikra frå gong til gong? Men du er no godt i rute på rullesesongen :)

    SvarSlett
  2. Jamt over går det vel framover. Men veldig kjipt når ein finn ut at ting ein trudde var inne, plutseleg ikkje er det. Slik om crook of elbow- rullen til dømes. Har begynt å tulle på den no... Jaja, det skal ikkje vere enkelt.

    SvarSlett