onsdag 23. november 2011

Sea Kayak with Gordon Brown, Volume 2

Denne dvd- en er den andre Gordon Brown har gitt ut. Den første (Volume 1), tek for seg grunnleggjande padleteknikk. Det er også planar om å lage ein dvd nr 3. Denne skal ta føre seg mellom anna navigasjon.

Volume 2 er delt inn i to delar. Ein turdel, og ein teknikkdel. Filmen kan sjåast i eitt, med veksling mellom tur og teknikk. Eller så kan ein velje å sjå berre ein del om gongen. Produsent for denne dvd- en er Simon Willis.



Turdel:


Denne delen går føre seg i området St Kilda, som du kan lese meir om her. Området, som ligg heilt vest i Ytre Hebridane, har vore ein del av Unesco sitt verdsarvområde sidan 1986. Området omfattar øyane; Hirta, Dun, Soay og Boreray. Her er høge fjelløyar med store mengd fugl. Turane går langs bergveggar, inn i holer og gjennom tunnelar i fjellet. Viss ein skal samanlikne med eit område i Noreg, må det vere Runde i Møre og Romsdal. Vi får også vite om historia til "Village Bay" Det er den einaste staden i øyriket som har vore bebudd. Det er også ein liten del på filmen om ei krysning til St Kilda, som fann stad i 1965. Med tanke på utstyret som vart brukt då, er det ein imponerande bragd.

Under utforskninga av holene og tunnelene på øyane skjer det små episodar, der redningar vert brukt. Gordon Brown fortel og forklarar undervegs. Sjølv om turdelen inneheld fine bilete og mykje fugleliv, er det ikkje denne delen som er mest interessant for meg. Vi som bur på Vestlandet, er nok litt bortskjemte når det gjeld fjell og fugleliv.

Teknikkdel:


Denne delen startar med "assistert redning" eller på norsk; kameratredning. Gordon Brown nyttar "heel hook"- metoden. Denne vert forklart grundig undervegs i demonstrasjonane. Eit viktig poeng som GB trekk fram, er at ei redning ikkje er over før den som skal reddast er komen i sikkerheit, og er klar til å padle vidare. Ein ting som er flott med denne dvd- en, er at GB nyttar nybyrjarar som av og til gjer feil, slik at også desse vert kommentert. Ein kan lære mykje av å sjå korleis ting ikkje bør gjerast.

Neste teknikkøkt er "scoop- redninga".  Ved hjelp av stopp i filminga, og strekar på skjermen, vert denne grundig forklart. Vidare tek han for seg eigenredningane. Denne delen startar med ein demonstrasjon av ulike balanseøvingar, der ei gruppe padlarar med ulik erfaring får prøve seg. Først der det er grunt (av ein eller annan grunn, så syns mange nybyrjarar det er meir trygt), og så i litt djupare sjø. Cowoyredning vert vist både i roleg, og i større sjø. Først med, og så utan årepose. Vidare vert åreposeredning gjennomgått, i tillegg til re- entre og rulle med og utan årepose.

Det er også ein fin sekvens om tauing i filmen. Her vert det demonstrert tauing med ulik lengd på tauet. Alt frå ei lita løkke, og opptil lengda av eit taubelte i full lengd. Særleg delen om den heimelaga cowtailen, er god. Ved hjelp av tau og karabinkrokar, kan ein lage sin eigen taueline på båten. Fint tips! Redningar med tauing vert også demonstrert i ein del sjø. I slike forhold er det viktig å  hente kajakken først, så personen. Kor ein kan plassere tauet, vert også teke opp (på padlar/ på kajakk). Eit anna smart tips, er den såkalla "dog lead tow" - metoden med parallelle kajakkar. Ved å nytte denne metoden, vert det mindre motstand på slepet når ein skal taue to personar. Ei gruppe padlarar får også prøve  tauing i tidevasstraum. Her må ein tenkje litt som elvepadlarar, og traversere på skrått opp mot straumen.

Gordon Brown har også sin favoritt når det gjeld korleis ei gruppe skal taue saman. Ved ein del prøving og feiling for min eigen del, er konklusjonen min den same som GB har kome fram til: Linje er betre enn V- form. Han understrekar også at god kommunikasjon er eit "must" ved tauing.

Landingar vert også teke opp som tema. Ei gruppe demonstrerar ulike metodar, og GB kommenterar undervegs. Igjen er det flott at padlarar med ulik erfaring, får prøve seg. "Feil" vert gjort, og kommentert av GB. Ein ting eg reagerte på, under denne og fleire andre sekvensar, er at berre eit fåtal av padlarane brukar hjelm. GB understrekar at dette er eit peronleg val. Eg veit ikkje heilt om eg er einig i dette. Med å ikkje bruke hjelm, utset ein også andre for fare viss hovudskadar skjer.. Lite kjekt å hente folk som er medvitslause ut frå eit brott. I min "HMS- klubb-" sjel, gjer det vondt å sjå padlarar som herjar på grunt vatn med badehette, cowboyhattar og andre rare hovudplagg.. Eg syns GB, som det førebilete han er, burde nytta hjelm under slik padling. Men det er mogleg at vi i Noreg, har ein annan politikk på dette enn dei i UK.

GB utførar også to landingar åleine, først i roleg sjø, så i firestjerners forhold. (Utan hjelm) Filmen tek også med om korleis ein skal kome seg ut att på sjøen. Stikkord er svømming med langt redningslineline festa i kajakken og svømmaren. Gode demonstrasjonar med kommentarar undervegs!

Teknikkdelen avsluttar med ganske heftig tidevasspadling på Ytre Hebridane. Vi får sjå surfesekvensar, der GB forklarar dette med kanting og styretak bak. Så padlar dei i ei "tidevasselv". Denne delen minner mykje om elvepadling, bortsett frå at dei nyttar havkajakkar. (og nesten ingen har hjelm.). Vi får forklart korleis ein skal kome seg inn i straumen, og får også demonstrert "pop- out" med havkajakk.

Dvd- en inneheld også eit bonusspor om korleis filmen vart laga.

Filming og lyd:

Filminga er stort sett god. I nokre tilfelle, er kvaliteten på bileta litt dårleg. Spesielt når filminga skjer frå kajakken. Årabladet kjem i vegen, det er vassdråpar på linsa osb. Men på ein slik film, kan ein kanskje ikkje forvente topp biletkvalitet til alle tider. Mange av øvingane foregår jo like mykje under vatn, som over.

Lyden er også stort sett bra, men på turdelen, kan det vere vanskeleg å få med seg alt som blir sagt. GB sin skotske dialekt og dårleg balanse mellom stemme/ andre lydar, gjer nokre av kommentarane nesten umogleg å forstå. Ei engelsk undertekst, hadde absolutt vore på sin plass.

Konklusjon:

Styrken til denne filmen, er det pedagogiske. Alle ting vert forklart på ein grundig og lettfatteleg måte. Alle demonstrasjonar, vert først utført i roleg sjø med grundig forklaring, for så å bli utført i trestjerners forhold. Dette er noko som går att i heile filmen, og som eg meiner er svært bra. Dette er ein svært god opplærings-film. Den gir eigentleg få fasit- svar,  men viser ulike måtar å gjere ting på. Og som Simon Willis seier til slutt: Poenget med denne filmen er ikkje å vise korleis ein skal gjere alt, men korleis ein kan gradvis kome opp til eit viss nivå, ved hjelp av øvingar og steg for steg- metoden. Dvd- en er absolutt sjåverdig, og inneheld mange tips til korleis ein kan trene for å bli ein tryggare padlar i ein del sjø. Alle vil ha glede av å sjå denne, men den er nok best eigna for dei med teknikkurs og oppover. Eit godt julegåvetips til padlaren som trudde han kunne alt! :-)

Du kan lese meir om dvd- en her.

Ein anna omtale av denne filmen på Qajak, kan du lese her.

Du kan bestille dvd- en  her.

lørdag 19. november 2011

Kjølstripe

Sidan kajakken min kjem til å bli brukt til mykje padling der nærkontakt med fjell og rur er vanleg, bør den ha kjølstripe. Her følgjer ei "punkt for punkt"- oppskrift om korleis eg gjorde det:

Utstyr:
  • Blå maskeringstape. (Bruk den beste typen. Når du skal dra av, slepp du at den slitnar. Denne typen tåler også å bli pussa på.)
  • Polyester med herdar
  • Gelcoat med herdar.
  • Pussepapir (nr 80)
  • Aceton til vasking
  • Presenning, tau og varmluftsvifte (må passast på når den er i bruk!)
  • Tusj, avispapir og mange filler
  • Tapetkniv, plasthanskar og 2-3 penslar
  • Kjølstripe
  • To arbeidsbukkar
  • Godt arbeidslys og ein luftig arbeidsstad



1:
Kjølstripa vart skaffa her i frå. Eg fann ut at to remser med blå maskeringstape, var omlag like brei som kjølstripa. Difor starta eg med å legge på desse i midten:


2:
Etterpå streka eg opp med tusj, på begge sider av tapen. Dette området skal pussast, og påmonterast kjølstripa:


3:
Så flytta eg desse to stripene  litt utanfor tusjstrekane. Desse to tape- lengdene skal stå på under heile arbeidet:


4:
At kajakken treng kjølstripe, er lett å sjå..


5:
Så tok eg på to nye maskeringstape- lengder, nesten heilt inn mot tusjstrekene. Eg ville prøve å pusse bort tusjstrekene. Neste steg var å pusse med sandpapir (nr 80) for at polyesteren skal få best mogleg feste på kajakken:


6:
Tørke og vaske med aceton:


7:
Før påføring med polyester, må det lagast ein tunnel der den varme lufta kan gå igjennom. For at polyester og gelcoat skal herde skikkeleg, er det viktig at det ikkje vert for kaldt:

8:
Eg plasserte ei vifteomn i enden av denne tunnelen:


9:
Så var det berre å starte. Eg limte kjølstripen fast med polyester. Rundt senkekjølboksen klipte eg opp stripa, og la den på begge sider. Framme og bak på kajakken maskerte eg ekstra på sidene, med avispapir. Her har det ein tendens til å renne nedover med polyester/ gelcoat, sidan det er så bratt.

10:
Først pensla eg med polyester, så la eg kjølstripa oppå:


11:
Så gjekk eg på att med pensel og metta heile stripa med polyester. Hanskar og god lufting er smart når ein jobbar med polyester:


12:
Spesielt rundt kjølboksen, er det viktig at det vert sterkt nok:


13:
Ferdig metta kjølstripe med polyester:


14:
Så lot eg det stå slik ei stund med pressenning og varme på, slik at det skulle få tørke litt:


15:
Etter omlag ein time tok eg vekk inste maskeringstapen, slik at ikkje den skulle lime seg fast til kjølstripa. Så tok eg på att tunnelen og starta vifteomnen. Herdingstid ved 20 gradar er omlag seks timar, men eg lot det stå til neste dag  for at alt skulle tørke skikkeleg. (Eg skrudde av vifteomnen om natta..)


16:
Dagen etter:


17:
Her og der måtte eg skjære bort litt glasfibertråd:


18:
På med ny stripe maskeringstape inst mot stripa. Så pussa eg ned på kjølstripa, vaska bort, og hadde på gelcoat:



20:
Gelcoat vart påført (med hanskar!):


21:
Ferdig første strøk:

22:
Når gelcoaten hadde stått ei stund og ikkje var så blaut lenger (sjekke med fingen ved sida av stripa), skal inste maskeringstapen bort:



23:
Dra forsiktig av den inste maskeringstapestripa, ha presenning over, og start vifteomnen slik at temperaturen i tørkeprosessen går opp. Neste dag var gelcoaten fortsatt litt for mjuk til å pussast, så eg lot det stå ein ekstra dag.


24:
Så var det klart for siste strøk med gelcoat. På med ny maskeringstape inst mot kjølstripen, puss ned og vask:


25:
På det siste strøket brukte eg ein lys grå farge. Syns det er ok at kjølstripa er synleg:



26:
Etter ei stund tok eg av inste tapen igjen:


27:
Så tok eg bort den ytste tapen:


28:
Voila; FERDIG! Kun siste tørkinga i tunnelen står att:


Dette var slik eg gjorde det. Kom gjerne med spørsmål og kommentarar! :-)

onsdag 9. november 2011

Iland- stigning i Glesvær

Her er ein video med ilandstigninga som vi hadde som ei av dei siste øvingane på vidaregåandekurset. På slutten vises situasjonen som førte til skaden på kajakken min. Videoen er filma av Trond Glesaaen.

Ilandstigning i Glesvær

lørdag 5. november 2011

Grønlandsåre- tur!

Som bilete viser, var det ei stund sidan desse årene var i bruk. Men i dag var dagen komen!


Eg hadde eigentleg tenkt å bruke grønlandskajakken (TM Greenland T) som vi har i klubben, men den var borte.. Så då vart det Aquanaut Club i staden for.


Regn og grått. Men når ein skal padle kajakk, spelar eigentleg ikkje veret så stor rolle.


Etter 15. oktober! Så då kan eg gå i land der eg vil..


Lurar på kva vindretning som er mest vanleg her ;-)


Littt av livet under vassoverflata:


Prøvde litt static brace. Med grønlandsåre går det litt lettare. Men eg ser at rullen på slutten viser at det har blitt litt mykje euroåre i det siste. Litt mykje rett opp.



Eg rota litt med grønlandsåra i dag. Det vart mykje plopp og dårleg flyt. Så eg har fått ei lita tanke om at det kanskje blir vanskeleg å variere med desse to typene. Eg syns heller ikkje at grønlandsåra har den klare fordelen som turåre lengre.. Men det kan jo skuldast at framdriftstaka mine med euroåre har blitt mykje betre? Og at eg har skifta til Lendal..Uansett er ein tur, litt lite grunnlag for å konkludere.