søndag 27. oktober 2013

Hausttur med minstejenta

Dette er ikkje ei bakgate i Venezia, men klubbhuset slik det ser ut etter ein travel sesong. Her var det mykje som måtte ryddast vekk frå snorene og hengast på plass..


Voila!


Minstejenta var med meg i dag, og eg hadde lova ho ein liten tur i dobbelkajakk etter arbeidet.


Kjekkast med pinne endå, men no har ho begynt å bli meir motivert for å vere med å bidra til framdrifta. Neste gong: Stormåre!


Titt- tei!


Ho var fast bestemt å padle til bestevenninna si i dag. Då sa eg at ho måtte padle sjølv. Det gjekk for det meste rundt i ring, men ho har begynt å forstå prinsippet.





Etter ei stund vart venninne- besøket droppa til fordel for pinnen..


Litt tungt ja, men positivt med initiativet.:-)



onsdag 23. oktober 2013

Lendal Kinetic Touring S



Euro- åre kjøpt i utlandet og betalt i euro..Neida! Dette er ei ny åre, men ein gamal modell. I Europa har Lendal blitt til Celtic paddles (som no er Nigel Dennis sitt merke), medan Lendal framleis vert seld som eit eige merke i U.S.A.

Denne åra vart kjøpt av Bert frå den tidlegare kajakkbutikken; Nome kajakk. Fekk også med eit futteral. Han har framleis nokre årer att, som en kan sjå her.

Eg har ein slik eldre Lendal- åre frå før. No er jo eg eigentleg ein grønlandsåre- fan, men for å vere euro- åre, er dette ein av dei betre modellane. Frykta var at eg må padle med ein annan modell, om den eg har vert øydelagd, eller forsvinn.. Den gamle til venstre, den nye till høgre:


Den nye kan varierast i lengda frå 216- 221 cm. Den gamle er i ein fast lengde (220 cm)


S- årene vert av og til kalla for "dameårer" av nokre, på grunn av det beskjedne arealet på blada. For min eigen del, må det vere lite areal på blada viss eg i det heile tatt skal padle euro. Det handlar om å anten å ha låg frekvens og flytte vassmasser sidelengs, eller høgare frekvens og dra seg framover på ein meir effektivt måte. Og då er valet enkelt for meg.




Desse Lendal- årene tek så mykje betre "tak" i vatnet enn Werner- årene. Dei har eit ganske krumt blad, som bilete viser:


Denne modellen kan justerast i lengd og i vridning med Lendal sitt paddlok- system.


Litt modding må til på denne, før eg kan bruke den. Den har forhøgning på venstre åreskaft.Den må eg flytte til høgre. Det gjorde eg også på den forrige. Brukte svart elektrikartape som har halde seg bra etter fire år med hard bruk..


Det finns også Lendal- årer i 4- delte utgåver, som er i heil karbon. Men eg meiner dei med nylon- blad (N-12), er vel så gode. Dei toler meir, og oppleves som litt mjukare å padle. Det negative er sjølvsagt vekta.. Desse årene er ein del tyngre enn moderne heilkarbon- årer.

fredag 18. oktober 2013

Ettermiddagstur


I ettermiddag var det et ganske flott lys, og eg hadde lyst på ein padletur..


Her ser det ut som eg padlar ein "EXBIOBEI"- kajakk. Kanskje eit nytt russisk merke?




Rundt Flatøyna:


Mykje oter i dag. Men eg fekk ikkje så mange blinkskot..

Oter- rumpe:

 Denne hvesa stygt til meg:


Før han stakk av..


Så vil eg takke Askvoll kommune for at dei hadde sett fram denne stolen i fjøra. Til bruk for slitne padlarar. Dei tenkjer no på alt, Askvoll kommune :-)


Men tok den med heim for vinteren.. Utruleg kor mykje dei fire beina bremsa farten på veg inn att.


Fullmåne og greier. Den kommunen, den kommunen...


lørdag 12. oktober 2013

Første tur med Zegul Greenland LC

I dag var det klart for første prøvetur med nyekajakken. Og eg trur eg er forelska..


 Zegul Greenland LC har to runde lukar. Den manglar dagsluka bak cockpit som Touring- utgåva har.


Den har heller ikkje bærehandtak og tau foran og bak. På ein så utprega rullekajakk som dette er, er dette ikkje så vktig heller. Den kjem levert med kuler på strikken på både på framdekket og bakdekket.


 Lite volum kan ein vel trygt seie..


Padlesko kunne eg berre gløyme. Men med padlesokkar gjekk det fint. Eg slakka ryggstøtta heilt.  Då fekk eg akkurat plass til beina nedi kajakken med fotkvilarane heilt framme. Eg får sjå om det vert fotbrett etterkvart.


 Den gamle tuiliqen vart seld i lag med kajakken. (TM Greenland T), sidan den uansett ikkje hadde passa til denne. Kjøpte eit Beluga- spruttrekk som eg kan bruke så lenge..


Ikkje så mykje fribord med meg oppi..


Vakker kajakk..


Sidan denne ikkje har keyhole, vert det litt verre med entring. Ikkje berre å slenge ræva oppi og beina etterpå, i denne kajakken. 


Seteplasseringa i denne kajakken er så mykje betre enn i touring- utgåva. Her kjem cokpitkanten lengre bak når ein legg seg ned på bakdekket. I tillegg har jo denne merkbart lågare bakdekk. Noko ein set verkeleg pris på under rulleøvingane.

Den var heller ikkje ueffen som turkajakk. Med padlesokkar, gjekk det til og med greitt å stikke beina fram mellom fotkvilarane. Primærstabiliteten er litt dårlegare enn touringen, men sekundærstabiliteten omtrent den same.


Og så; RULLER!

Stormrulle:



Handrulle:



Mislukka handrulle, men kom opp att med handrulle utan fart. Første gong eg har klart dette..:



Og dette har eg ikkje klart før med andre kajakkar. Stativ Brace utan åre og oppatt:



Alt i alt er eg kjempefornøgd med kajakken. Dette trur eg er rullekajakken over alle rullekajakkar. Gledar meg til å øve inn nye triks med denne! :-) Og med Tuiliq vert den sikkert endå betre til rulling!

torsdag 3. oktober 2013

Stormsamlinga 2013 i Bulandet

Då var Stormsamlinga vel overstått i år også! Eg har vel aldri padla SÅ lite, på nokon Stormsamling før. Det skuldast nok mest at bandet mitt, Sunday Morning skulle spele laurdagskvelden. Det var tiårs- jubileum i år, så padleklubben hadde slått på stortromma..

Fredag ettermiddag hadde likevel Jørn Magne, Oddvinn og eg oss ein flott tur nord for Gjørøyna:


"Excite- kameratane"


Jørn Magne i sin Tiderace 


I dette området er det mange trange passasjar.




Fin solnedgang:


Bølgjene braut ikkje så mykje denne kvelden. Det var nesten vindstille..


 Ein beinstrekk måtte til.






Synkronrulling med Tiderace Exciter:




På veg innatt:




Laurdag vart det ein liten føremiddagstur. Då var det gråver og meir vind. Dei som ville ut å leike i bølgjene fann nokre stader som var brukandes..

Laurdag kveld var det dans i floren til Liv Turid (Foto: Marit S. Leirvåg):


Fleire bilete frå treffet ligg på Askvoll padleklubb si heimeside, og ein rapport frå samlinga finn du også her på bloggen til Marit.