mandag 23. desember 2019

Tur på lillejulafta..
























Fin dag. Fint på sjøen..

søndag 10. november 2019

Fin vintertur

Fekk meg ein flott tur i kaldt og fint vinterver i dag.





Askvoll



Stille..



Krokodillen på Flatøyna










Denne veit eg ikkje kva heiter.. Kanskje Tom?



Gjennom Sauesundet



Fin farge



Fyret på Prestøyna






Lenge sidan no.. godt å kome seg utpå igjen.

søndag 29. september 2019

Dykking i Ulsteinvik


I midten av september var Sygni og eg ute å dykka på Osnessanden i Ulsteinvik.


Ganske klart i vatnet.



Nokon (les:meg) hadde kjøpt ny dykkarmaske, men i stresset med pakkinga gløymt å flytte over snorkelen....

Eg hadde også kjøpt antiduggmidel, som eg brukte på innsida av glaset. Funka ikkje så veldig godt, som ein ser..Zalo er framleis tingen....






Ikkje så veldig mykje å sjå på ei strand eigentleg... Så lenge det ikkje er noko å skjule seg i for fisken, er det heller ikkje fisk å sjå :-)



Men vi fekk trent på å dykke. Det var eigentleg litt for grunt for den store treninga.









Heilt i utkanten på stranda, ved neset utover, var det meir tang, straum og fisk.



Her var det også nokre større djupare nede, som kunne definerast som matfisk.



Her er ein video med litt av livet der. Forvirra filming. Her var det så mykje straum, at det var vanskeleg å ligge i ro.


mandag 12. august 2019

Fine dagar i Førdefjorden!


I den heitaste perioden i slutten av juli, hadde Sygni og eg ein fin tur ytst i Førdefjorden.



Her pakking i rundt 30 varmegradar..



På veg ut til øya der vi sette opp teltet..






Den første kvelden, var det berre å organisere teltplassen, og nyte solnedggangen..






Neste dag var det så varmt, at det var berre å kome seg i sjøen...






Mange fine og sterke fargar under overflata..






Utruleg kjekt å fridykke, og fint område å halde på i.



Sjøanemone



Så kom kvelden med båling, prating og nyte kveldens solnedgangsshow..






Ny dag, og meir dykking. Litt anna område. Meir å sjå, og vi vart blitt tryggare. Øving gjer meister..




Denne dagen var vi litt lengre ute, og brukte difor blåse..


Sygni trenar kvalspark :-)




Ei ny og spennande verd under overflata..





 Så vart det kveld, og vi padla tilbake til bilen...



Fin kveldshimmel laga ein verdig avslutning på fantastiske dagar i svært godt selskap..


Eit minne for livet..

Sygni sin versjon