søndag 23. februar 2014

Kjølstripe på Zegul Greenland LC

Ved overgang frå Greenland Touring med keyhole- cockpit, til Zegul Greenland med LC- cockpit, oppstod det eit nytt problem. Ved entring, var det ikkje berre å setje seg nedi, og svinge beina oppi lengre. Nei, no vart det å liggje i fjæra å "tre på seg" kajakken..

I tillegg til at dette ser mindre elegant ut, vart det ei påkjenning for kajakken. Så denne trong ei forsterking på kjølen. Og når vestlandsveret viser frå sin minst sjarmerande side, er det ikkje vanskeleg å bestemme seg for å gjere slikt arbeid..

 Først maskere der stripa skal vere (Det fekk berre våge seg at stripa kom litt over bokstavane..):


Så pusse ned med grovt sandpapir (nr 80):


Vaske med raudspirit, og leggje på polyester og fiberduk.


Neste dag: Pusse ned og vaske, før første lag med gelcoat:


Pusse ned det første laget med gelcoat (dagen etter):


På med andre lag, og dra av maskeringa før gelcoaten tørkar heilt.

Ferdig!

Ein meir detaljert oversikt finn du HER. Denne gongen droppa eg varme under presenning. Det var 4-8 grader då eg held på med dette. Ting tørkar jo litt saktare, men som oftast gjer ein jo berre eit par operasjonar kvar dag, når ein skal jobbe med slikt.

fredag 7. februar 2014

Panna Cotta ved Eimindfyret!

I ettermiddag stod valet mellom sofaen, eller padletur. Heldigvis vann padleturen!
(Sofaen har vunne mykje i det siste...)


 Ved gamlekaia var det mange måser. Kanskje på grunn av fiskebåten med sild som låg til kai?


Nye- åra var med i dag. Og FOR ei åre til turpadling!


I dag var det ei lita pause i den så stabile austa(dritt-) vinden som har vore den siste månaden. Denne kobben sniffa litt rundt, forstod det var noko muffins (eller Panna Cotta) på gong, og dukka ned..


Nærmar meg fyret!


Voila! Dessert- tid! ;-)


Panna Cotta frå Askvoll Sjømat & Delikatesser  SÅ GODT!


Kan ein betre ha det, ein fredagsettermiddag i starten av februar? Slik dessert, slik utsikt og slik ro i kropp og sjel...Trur ikkje det..


 Det vart også fangst i dag. Fender! Ikkje gitaren, men båtutstyret.. dessverre..


Så var det inn att til Askvoll. Flott tur og ein fin kveld!