tirsdag 18. mars 2014

Litt oppdateringar på rullefronten!

I dag har eg vore heime med sjuk unge. Difor har eg fått studert nokre ruller betre på nettet.  Slik som fleire tek opp, er chestsculling (brystsculling) ei fin trening for å klare dei framoverbøygde rullene.


Så eg starta med ca 10 slike på kvar side.. Her "vrangsida" (venstre):



Merka at det hjalp for å øve på å få til den rette vippen opp framover.
Etter dette ville eg prøve på reverse sweep på venstre side. Etter litt prøving og feiling, fekk eg den endeleg til (ein gong):



Så var det litt øving på nr 15, Roll with arms crossed:



Denne sit sånn tåleg bra, men kjennes veldig rar ut. Må nok øve meir, ja..

Så dagens surprise! Denne fekk eg til (ein gong) i dag:



(Nr 20: Throwing stick, start tucked forward, finish tucked forward)

Ingen av desse tre rullene over, kan eg seie at eg kan. Så difor vert det meir øving, før dei kan hamne på denne lista.

Så prøvde eg også denne i dag. Nr 34, Paddling upside down:



Ca 7- 8 meter? ( i så fall ca 3 poeng). Greitt å kunne viss det plutseleg kjem store hagl.

Elles øvde eg også på successive storm roll (nr 17), utan at eg kom så mykje lengre med den. 4 stk på 12 sekund. Men venstrerullene er på veg merka eg, i dag. Øving gjer meister ;-)

2 kommentarer:

  1. Ikke for å virke negativ, men du padler temmelig nøyaktig en kajakklengde opp-ned. Så med mindre du en kajakk på over 6 meter, så ..... ;-)

    SvarSlett
  2. Hehe. Nei, kajakkan er vel 5,30. Så då blir det vel to poeng. Uansett ikkje i denne øvinga ein sankar mest poeng. Veit nokon kva rekorden på denne øvinga er? (og overleve, vel og merke...)

    SvarSlett