Torsdag 12. august var Oskar og eg på ein padletur.
Etter å ha varma opp litt, øvde vi på kameratredning. Han var ikkje så villeg til å gå ut i vatnet, men etter eit (mildt) press gav han etter.
Med våtdrakt og med den temperaturen som er no, gjekk det greitt å liggje i sjøen litt.
Han fekk også prøve cowboyredning. Dette viste seg å vere litt vanskeleg med den kajakken han hadde (Current Design Raven). Ryggstøtta er så høg, at den skapar problemar både ved cowboy- og kameratrening. Vi må nok sage litt..
Eg prøvde også nokre mislukka handruller i Greenlanden, som vart filma av Oskar. Og ved eine høve gjekk han rundt. Kameraet var heldigvis festa rundt handa, så det gjekk bra med det også. ;-) Elles har vi øvd ein del på å tippe rundt, så det er ikkje noko dramatikk i dette for han.
Eit litt stivt smil etter eit par gongar i vatnet.
Vi fekk også tid til "salte- sitronfox". Dvs fox- karamellar som låg i vesten då eg rulla..Ein delikatesse!
Elles merkar eg at Oskar som no har blitt 9 år, har blitt for stor for Raven- kajakken. Så no vert det nok greenlanden eller Avoceten framover for han.