søndag 8. juli 2018

Teknikkurs 7. og 8.juli


Helga 7. og 8. juli hadde eg teknikkurs med tre deltakarar.


Beate, Erlend...



....og Stig. Og alle hadde Borel Baffin- kajakkar :-)


 (Foto: Beate)



Stig i måseperspektiv...


Stig i fiskeperspektiv..



Litt beinstrekk måte til innimellom..




Gutta boys (Foto: Beate)



Laurdagen heldt vi oss i området rundt Flatøyna og Sauesundsøyna.












Laurdagen blas det såpass opp at deltakarane  fekk køyrt. Her; sleping mot vind og bølgjer. Det var oppi frisk bris/ liten kuling i periodar.



(Video: Beate)










Pause før trening i litt bølgjer og sjø.



Friskt utpå, laurdag ettermiddag.


Søndagen var det speglblankt då vi starta opp.








Badeand- jakt der dei skullle bruke alle sving- og kanteteknikkane dei hadde lært dagen før.



Alle vart fanga.....






Erlend får prøve seg på sleping..



(Foto: Beate)



Beate scullar..




Stig scullar, og "gutsar"..


Heilt til...



Ingenting å seie på innsatsen :-)


Vi avslutta søndagen med introduksjon til rulla.

Fokus var rørsle med overkropp/hovud, og ikkje kraftbruk med armane.


Og med så flinke og sporty deltakarar, vart det sjølvsagt også MYKJE trening på redningar..



To kjekke dagar med fine folk! 

søndag 24. juni 2018

Introkurs med SGC

Laurdag 23. juni heldt eg eit introkurs i padling for Sunnfjord Geo Center.

Når 9 stk skal ha padleutstyr, tek det litt tid. Først litt tørrtrening med trekket, på land.



Så var det utpå..



Turen gjekk innover mot Straumen.



Innover her er det litt av kvart å sjå, og greie forhold for nybegynnarar.


Gjengen samla. 






Så tilbake til Øyra, der det vart redningsøvingar, før avslutning.


Kjekt kurs, med ei kjekk gjeng :-)

torsdag 14. juni 2018

Introkurs i buldring


Tysdag 12. juni var eg med på introkurs i buldring i Buldrehallen i Ålesund. 

Buldring er klatring i låge høgder, utan sikring med tau.

Etter ei informasjonsøkt, starta vi sjølve klatringa. Vi lærte om ulike teknikkar og fallteknikkar. Eg hadde trudd eg skulle dette ned mykje meir enn eg gjorde, men viss ein kjem seg opp så kjem ein seg også ned att..

Vi starta i den vertikale veggen først. Her var det løyper i ulike vanskegradar opp mot ca 4 meter. Men stort sett så var desse lettare, enn på dei ikkj- vertikale løypene på bileta under.







Eg syns buldring var kjempemoro. Det er kanskje den kjekkaste forma for styrketrening eg har prøvd. (Å løfte støypejern på treningsstudio, er jo ikkje særleg kjekt..)



Dei to øvste (raude) var neste umogleg å få tak i (for meg, vel og merke....)



Dette er ein individuell sport, der ein kan utvikle seg i eige nivå og tempo. Sjølv om det er lett å samanlikne seg med andre, er det eigen framgong frå gong til gong som målet.







Eg kom meg inn att til veggen, men ikkje vidare opp.







Det er ein sport som krev lite utstyr. Ein treng eigentleg berre treningskle, klatresko (dei fleste buldrehallar leiger ut) og kalk, så kan ein setje i gong. Å sjå på andre som klatrar, er også lærerikt. Og det kan vere sosialt også, dersom du finn nokon å diskutere løypeval med.

Absolutt ein sport som gav meirsmak :-)

søndag 6. mai 2018

Kveldstur i nærområdet

 I kveld vart det ei lita padletur her i nærområdet. Turen gjekk frå Hestholmen,til Tovågen (der eg plukka opp Mildrid) og så vidare rundt Kvitøya.



 Euroåre i kveld, fordi eg må bli ven med den til kurssessongen startar opp...



 Her i Tovågen fekk eg selskap vidare..



 Mildrid viste fram fine øyar og sund her på denne sida. Nytt padleterreng for meg, og veldig fint og idyllisk..









 Trolsk stemning med låge skyar.














Dei fire neste bileta er (sjølvsagt) tekne av Midrid ;-)









 Så retur under Dragsundbrua...



.... og tilbake til Kjeldsund


Godt for sjel og kropp!