mandag 16. mars 2015

Ikkje akkurat padling, men...Blegja!

Eg har ikkje tenkt til å fylle denne bloggen med andre ting enn padling, men når ein får sjanse til å vere med på ein slik fantastisk fjelltur på ski (og broddar), så må eg nesten dokumentere den her.

Dei fleste som driv med padling, held nok på med fjellurar/ skiturar også, så det er vel ikkje heilt uinteressant.

Klokka 9 var vi klare for avreise frå Solheimsdalen. Vi rekna ca 8-9 timar på turen, noko som skulle vise seg å vere litt knapt..


Første avklednings- stopp. Sola varma godt i starten, og her nede var det ganske lite vind.






Ein slakk stigning i starten på turen



Oppover er fellar på skia eit absolutt must.


Etter kvart vart det litt meir stigning



Lisjehesten til høgre:



Jan Arne hadde med randonee- ski:



Anne Grethe, Jan Arne, Jørn Magne og Lise Mari var turfølgje denne dagen


Og eg..



Storehesten til venstre:


'
Oppover var det vekselvis snø og is. Etterkvart vart det meir og meir is.



Denne stigninga tok vi til fots:



To glade turfolk:



Her opp var det absolutt best å gå, ja..



Pause nedafor Storehesten. Her møtte vi også Dag Tore og Anita som hadde same turmål som oss.






Ein slakk stigning, før vi kom opp på vidda:



Her oppe var det flott skiføre, temperatur, sol- og vindforold:



Vakkert!  (Eller; "ord blir fattige")









Den siste lange stigninga, før vi ser utover mot Blegja. Her var det på med broddar. Det var stort sett is, så det vart for slitsomt å bruke ski..









Her såg vi nedatt mot Førdefjorden:



Tøffe damer!



Her ser vi målet vårt..



No hadde vinden friskna ganske godt til, så her var det på med hette/ buff og huer.
 Legg merke til den flotte snøveggen bak.



Ut mot havet!







Ein litt nervepirrande krysning..Tvilsame skavlar på høgresida, og bratt isskråning på venstresida. Vi var i tvil om dette var forsvarleg. Men etter ei grundig vurdering av røynde fjellfolk, valde vi å krysse.. Her var gode broddar, skistavar og ei tru på at Gud ville bevare oss for større oppgåver, godt å ha..



Endeleg! BLEGJA!




Første gong her oppe for meg! Stolt og glad! Fantastisk utsikt, 1304 meter over havet.



Jan Arne og Jørn Magne kom seg også opp, sjølv om nokon var meir tom enn andre..






 Her blas det så mykje at vi gjekk litt ned att, for å finne ein matpausestad.






Godt fornøgd turdeltakar!






Mykje is her oppe..



Etterkvart var klokka blitt så mykje, at sola var på veg ned.



Jan Arne fekk endeleg utnytte skia sine til fulle nedover..



Lise Mari og Jørn Magne;






Jørn Magne og Storehesten:



Det siste stykket vart unnagjort med broddar, så ski siste stykket. Autopiloten vart etterkvart kopla inn.. Utruleg trøytt, sliten og tom. Kokt spaghetti- bein og apatisk Zombie- hjerne..Men med bilen som mål, gjekk det på eit vis..



Det var etterkvart blitt ganske mørkt..Over ti timar på tur..



Nede ved bilen spanderte Jan Arne kvar sin Cola- boks på oss. ALDRI har Cola smaka og gjort så godt. Takk igjen! ;-)

Elles takk for turen alle saman! Eit minne for livet! Utruleg natur, vær og turfølgje!

Har lært at:

  • På ein slik lang tur må ein ha med nok kjeks, sjokolade ol, som er lett tigjengeleg..Må fylle på heile tida..
  • Vatn er greitt å ha nok av, men sukker i drikken må til (kakao / toddy/ brus..)
  • Fellar er eit must..
  • Broddar er eit must...(Takk for lånet, Anne Grethe)
  • Mørket kjem fort, så hovudlykt er lurt å ta med uansett..


2 kommentarer: