søndag 30. desember 2012

Årets siste tur

Endeleg var formen såpass at ein padletur var oppnåeleg. Hadde planar om mykje padling i jula, men når kroppen ikkje er på lag, er det ikkje så enkelt..

I dag vart det ein tur innover våtmarksområda mot Straumsbrua. Mange nyansar i grått i dag. Eg har også leika meg litt med "tunnelsyn- effekten" på kameraet:




















Eg vil også ynskje alle lesarane av bloggen min eit godt nytt år!

onsdag 12. desember 2012

12.12.12

Kva er meir naturleg enn å padle, den 12.12.12? Og når ein har litt avspasering til gode, opna det seg opp eit høve. Klokka 9.00 var eg klar for tur!


Pastell- nyansar..


Sola låg å vaka lenge i horisonten, før den våga seg opp.


Det var litt kaldt å ta pause i dag. Det vart ikkje lange stunda.


Vinterstemning.






Klokka 10.25 dukka sola opp.. Den hadde nok forsove seg.


Om 9 dagar går det heldigvis mot lysare tider!


Ein flott start på dagen!

lørdag 1. desember 2012

Rulling med neglesprett!

I dag fekk eg tid til ei lita rulleøkt. Med 3 minusgrader, snøbyger og vind, var det ein kald fornøyelse. Det er nesten som eg vurderar å begynne med bassengtrening.. (berre nesten..)


Standard grønlandsrulle, høgre side:



Standard grønlandsrulle, venstre side:



Buttefly- rulle. Denne er av ein eller anna grunn ikkje med i konkurranse- programmet.


Sculle på sida.



Static brace (Ballanced brace). I dag fokuserte eg på å skli opp på bakdekket, og ikkje gå under å rulle opp att. Det gjekk fint så lenge ein ser opp, og passar på å ha hovudet langt nok ned.



Slik såg hånda utt etter ei økt. Det er stort sett hendene som er problemet når det gjeld frysing. Skulle fått tak i nokre tynne neoprenhanskar som varma litt..


søndag 25. november 2012

Tidleg morgontur med Tron Ivar

Klokka 8.00 i morges, var vi klare for padling. Det var ganske mørkt då vi starta, men det kom seg etterkvart.


Refleks er stort sett positivt, bortsett frå når ein skal bruke blitz.


Her er vi på veg gjennom Sauesundet.






Tron Ivar har kjøpt seg ny kajakk, ein NDK Explorer HV. Her ved sida av min (som er ein Explorer standard):




Tilbake frå Flatøyna byta vi kajakk. Litt uvant med så mykje volum under dekk, men padleeigenskapane var dei same. Skroget under dekk, er jo likt.


Tron Ivar rullar min kajakk, og konstanterar at rulleeigenskapane er dei same også..

torsdag 15. november 2012

Ny side på bloggen!

No har eg laga ei ny side på bloggen som heiter "Grønlandsruller". Det er ei oversikt over dei 35 rullene (med poeng) som tel på konkurransar. Klikk oppe på fanen for å kome til denne oversikta.

Då eg dreiv å filma nokre av rullene i dag, vart det spelt inn noko artig. Etter å ha prøvd meg på ein Norsaq- venstrerulle (mislukka sådann..) slapp eg norsaqen, og rulla opp med åra. Men kva låg på bakdekket? :-) Denne har eg øvd leeenge på!





søndag 4. november 2012

Nydeleg dag!

I dag var det ideelle forhold for padling. Berre ein liten austatrekk som etterkvart stilna.


No er eg ikkje akkurat redd for bølgjer og vind.., men eg må innrømme at i ein travel kvardag, er det slike forhold som gjev meg det eg treng. Det å stoppe opp, å nyte naturen der ein vil, er sjelebot for ein frynsete firebarns- lærarsjel..


På Flatøyna vart det pause.






Kokekaffi skulle lagast. Då treng ein:

  • Brennar
  • Gass
  • Fyrstikker
  • Kokekaffi
  • Skei
  • Kopp
Dessverre ville ikkje kjelen vere med på tur i dag, så det vart ikkje noko kaffi...



Yngelproduksjonen i år ser bra ut!


Denne oteren oppdaga meg litt for raskt til at det vart bra bilete.


Gjennom Sauesundet:








Og inn att mot Askvoll!


lørdag 27. oktober 2012

Fuglesafari i skumringstimen

I ettermiddag vart det ein liten tur rundt Flatøyna. Mykje fugleliv i dag!

Desse to svanene har nok planar om å overvintre, så dei ser eg vel fleire gonger.


Lene sine båtar var også på plass ved gamlekaia, men utan Lene (trur eg?).


Utover vart det mørkare, men grei sikt likevel.


Snøbyger uti øyane:


Og hildring!


Rundt Flatøyna såg eg denne karen som landa på eit nes.


Dessverre var det blitt litt for mørkt for å få teke gode bilete, men serien har ein viss "malerisk" kvalitet..


Ut i frå fjørdrakta å dømme er vel dette ei ung havørn. Han var like nysgjerrig på meg, som eg var på han, og poserte villig vekk!


Når han flytta seg, sat han seg på ein anna stein like ved..




På veg innover kom det nokre snøbyger:




Men rett før eg kom att til kaia, klarna det opp:


Alt i alt ein fin tur!