onsdag 29. desember 2010

Romjulstur med Tron Ivar

I dag fekk Tron Ivar og eg oss ein tur utpå. Det var eindel vind frå aust, slik at vi fekk skylje oss litt. Særleg på sørsida av Flatøyna var det høve til litt surfing.

Her ser vi sørvestover mot Værlandet og Bulandet.

Så lenge vi padla var ikkje temperaturen noko problem, men under fotoseansane vart fingrane raskt stive.

På Flatøyna var nokre oterar som leika. Eg prøvde å ta bilete, men det var ikkje lett. Olympuskameraet mitt sleit med å fokusere på det som var viktig. Og utan kikkhol på kameraet, er det vanskeleg å få motivet i linsa. Trur eg må finne fram det gamle Konica Minolta- apparatet mitt igjen. Bilete under kan sjå ut som det er av ein sverdfisk, men det er ein oter på veg ned i sjøen:

Vi hadde ein lita kakaopause ved Sauesundsøya. Godt med noko varmt i kroppen..

Her var det også fine is- skulpturar i fjellhamrane:


I dag hadde eg Cetusen og Tron Ivar fekk prøve Exploreren. Den likte han svært godt:

Tilbake på Øyra:

Dette vart nok den siste turen for i år. Håpar på mange fine turar og leikeøktar i 2011!

søndag 19. desember 2010

Førjulstur med klubben!

Fem medlemmar frå klubben vår møtte opp til padletur i dag. Då vi starta var det omtrent vindstille og 6 minus. Etterkvart fekk vi meir vind frå aust. Lettskya og flott padlever! Eg sleit litt med eit ribbebein som ikkje var heilt godt i dag. Men det gjekk greitt så lenge eg padla roleg.

Her er vi på veg utover mot Flatøyna.

Lene måtte på land på Flatøyna for å få laus senkekjølen. Det hadde kome ein del småstein inne kjølhuset.

Oddvinn:

Målet vårt for turen vår var Møkalasset. Her ute merka vi mykje meir til austavinden som kom ut frå fjorden.

Oddvinn, Kjell, Nina og Lene med Alden i bakgrunnen:

Vi gjekk i land rett før Sauesundet for å ta ei matpause. Litt kaldt å sitje i ro, så det vart ei kort pause.

Sola kom ikkje så høgt opp på himmelen i dag. Men no er det ikkje så lengje til det vert lysare dagar!

Takk til Lene, Nina, Oddvinn og Kjell for ein koseleg tur!

torsdag 9. desember 2010

I mangel av padling..

Med korte kvardagar og travle helgar, blir det dessverre lita tid til padling. Men når eg ser gode motiv prøver eg i alle fall å ta bilete. Her er nokre frå fuglebrettet:



Her er solnedgangar frå to ulike kveldar. I desember er det mange slike her:


Og når kvelden kjem er det fint å tenne eit lys, ha noko godt i glaset og setje på Bugge sin jule- cd: "It`s snowing on my piano". Då er ikkje vinteren så gale likevel..

Og kanskje det vert tid til ein padletur denne helga?