tirsdag 5. september 2017

Grasøyane fyr

Søndag 3.september var eg med på ein tur til Grasøyane utanfor Flø.



Blikkstille sjø inst ved land






Fin temperatur var det også!



Mildrid og Lene med Grasøyane i midten, lang ute..



På Skjervøya var det mykje gråsel (havert). Dei fleste for i vatnet då dei fekk auge på oss.



Men denne karen var litt meir interessert i å bli fotografert.






Til slutt hoppa han også i havet. Utruleg å sjå desse dyra for ein som berre er van med å sjå steinkobbe. Gråsel er omtrent dobbelt så store..






På veg vidare mot Grasøyane.



Grasøyane fyr!



Lene!



Mildrid!






Ilandstigning på Grasøya fyr.



Matpause i solveggen. Endeleg kom sommaren!



Og i vår alder er snopet sjølvsagt. Og alle var einige om at kamferdrops er godt! Så det eine stadfestar det andre! :-)



Det lønar seg å kjenne folk (Lene) når vi skal ha omvisning..



Inne i fyrvoktarbustaden var det pussa opp og nymåla.






Med det siste nye i multimedia- utstyr..



Fyret:









Det var tre fyrvoktarar. Ein bukk og to verar. Her representert med to av dei. Dei var stort sett greie, men litt nyfikne var dei.. Så vi fann ut det var smartast å setje maten vår innafor døra, då vi var oppe i fyret. Spesielt kamferdropsen var vi redd for..



Oppe i fyret:









Nokon turte å gå ut..



Medan andre måtte kontrollere gyrostabilisator- pakninga inne...



Toppen med lynavleiaren.









Det smarte "pærebyte- hjulet":






Denne flaska er frå mi barndoms tid. Flaske- pepsi, 1 liter :-)



På veg ned til kajakkane..






På veg innatt var vi innom Flørauden.






Gjennom sundet på Flørauden.


Så innatt til Flø!

Ein lang, men fantastisk tur i ein storslått natur med kjekt selskap!

Takk for turen, Lene og Mildrid!

Lene sine bilete og inntrykk frå turen