tirsdag 18. mars 2014

Litt oppdateringar på rullefronten!

I dag har eg vore heime med sjuk unge. Difor har eg fått studert nokre ruller betre på nettet.  Slik som fleire tek opp, er chestsculling (brystsculling) ei fin trening for å klare dei framoverbøygde rullene.


Så eg starta med ca 10 slike på kvar side.. Her "vrangsida" (venstre):



Merka at det hjalp for å øve på å få til den rette vippen opp framover.
Etter dette ville eg prøve på reverse sweep på venstre side. Etter litt prøving og feiling, fekk eg den endeleg til (ein gong):



Så var det litt øving på nr 15, Roll with arms crossed:



Denne sit sånn tåleg bra, men kjennes veldig rar ut. Må nok øve meir, ja..

Så dagens surprise! Denne fekk eg til (ein gong) i dag:



(Nr 20: Throwing stick, start tucked forward, finish tucked forward)

Ingen av desse tre rullene over, kan eg seie at eg kan. Så difor vert det meir øving, før dei kan hamne på denne lista.

Så prøvde eg også denne i dag. Nr 34, Paddling upside down:



Ca 7- 8 meter? ( i så fall ca 3 poeng). Greitt å kunne viss det plutseleg kjem store hagl.

Elles øvde eg også på successive storm roll (nr 17), utan at eg kom så mykje lengre med den. 4 stk på 12 sekund. Men venstrerullene er på veg merka eg, i dag. Øving gjer meister ;-)

søndag 16. mars 2014

Herr Fomlesen!

Har tenkt ei stund på om eg skal publisere denne videoen. Den framstillar jo ikkje akkurat meg på ein overbevisande måte.. sånn rullemessig. (Videoen er ca ein månad gammal)

Saka: Eg ville prøve på å setje årepose på enden av åra på venstre sida, slik at eg fekk øve på den siste vippen opp når eg går framover på reverse sweep.



Denne situasjonen kjendes veldig ubehageleg ut der og då, men eg opplevde aldri den som dramatisk. Ein kan jo alltid dra seg ut av cockpit. Men dette sit langt inne for meg med våtbukse under tuiliken..

Det som skjedde var at eg ikkje klarte å flytte åra framover i set up posisjon til å utføre ein vanleg bakoverlent rulle. Og då måtte posen av. Dette viste seg å ikkje vere heilt enkelt. Trudde det var lett å skubbe den av årebladet, men eg hadde visst stramma tauet for hardt. Difor vart de litt fomling med posen med litt sporadisk luftinntak..

Læring i denne hendinga, er at øving med årepose er ikkje berre berre. For min eigen del, trur eg at eg droppar å øve med slikt på åra. Grunnen er at om ting skulle feile, vil eg alltid vere klar til ein bakoverlent rulle. Viss eg skal bruke slikt igjen, vil eg i så fall berre halde i åreposen (som ein avataq) og ha åra klar under strikken på framdekket når eg treng den.

mandag 10. mars 2014

Dei vanskelege venstrerullene..

I dag vart det ei lita rulletreningsøkt. Trente litt "hurtig- stormruller" og litt andre..


Først nr 8; Paddle held behind back (Høgre side)



Så venstre side:



Eg får problem med å løfte kanten på åra opp over kajakken. Det same merkar eg også på høgre sida, men der klarar eg å kome over med åra..

Så nr 7; Spine Roll (Høgre side)



Så venstre. Då skjer dette:



Har ikkje sjans på å kome rundt med kajakken. Tippar det at eg er for lite framoverbøygd og held åra for lite ned mot dekket. Viss nokon har tips til suksess, er det berre å kome med det! ;-)

Så nr 28 (Hand roll with a clenched fist) (Høgre side):



Denne går greitt no, men får ikkje til på ventre side.. grrrr..

mandag 3. mars 2014

Rulleøkt i mars!

Ein liten oppvarmingstur i dag, før litt rulletrening. Den nye kjølstripa lyser bra opp..


Fin temperatur og gode forhold i dag..


Så ruller! Først nr 17: Succesive Storm rolls performed in 10 seconds



Her klarar eg tre på under 10 sekund (Altså 3 poeng). Målet er å klare fire..

Så nr 9: Standard Roll with Padle held behind head. (Begge sider)

Venstre:



Høgre:



Eg var litt stiv i ryggen i dag, etter dag på vedskogen laurdag. Så noko elegant vart det ikkje. Skal nok finslipe desse, så dei ser litt betre ut..

Så dagens utfordring, nr 32 Elbow roll:




Kanskje ein vakker dag?? ;-)