søndag 29. september 2019

Dykking i Ulsteinvik


I midten av september var Sygni og eg ute å dykka på Osnessanden i Ulsteinvik.


Ganske klart i vatnet.



Nokon (les:meg) hadde kjøpt ny dykkarmaske, men i stresset med pakkinga gløymt å flytte over snorkelen....

Eg hadde også kjøpt antiduggmidel, som eg brukte på innsida av glaset. Funka ikkje så veldig godt, som ein ser..Zalo er framleis tingen....






Ikkje så veldig mykje å sjå på ei strand eigentleg... Så lenge det ikkje er noko å skjule seg i for fisken, er det heller ikkje fisk å sjå :-)



Men vi fekk trent på å dykke. Det var eigentleg litt for grunt for den store treninga.









Heilt i utkanten på stranda, ved neset utover, var det meir tang, straum og fisk.



Her var det også nokre større djupare nede, som kunne definerast som matfisk.



Her er ein video med litt av livet der. Forvirra filming. Her var det så mykje straum, at det var vanskeleg å ligge i ro.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar