lørdag 14. november 2020

Endeleg dykking igjen!

 

Idag vart det dykking i nærområdet, nærmare bestemt Olset. Det vart eigentleg ein testtur for kameraet og setedekket som eg har kjøpt frå Frivannsliv. Konklusjon om begge finn du nedst i bloggen.


Klar til å setje meg i bilen. Greitt å kle seg om heime..



Her er trekket som eg brukte i dag. Fordelen er openbar. Ein kan setje seg rett inn i bilen med drakta på, og køyre rett heim til varm dusj etter dykkinga.. 


Dykkeområdet i dag.




Rur og albogeskjel.



Sjønellik




















Litt fiskeyngel.





Konklusjon om Olympus Tough til dykkebruk: Den tek veldig mange gode bilete, sjølv om eg også måtte slette ein del uklare. Den stod på autoblitz og undervannsinnstilling, og då ville den stort sett bruke blitz på alt. Prøvde også å slå av blitz, men då vart resultatet stort sett mislukka. Det var litt uklart i dag, og lite lys. Handleddsstroppen manglar stramming, så kjem til å flytte over den eg hadde på Canon- kameraet. Små knappar! Altfor tuklete og finne rette knappar med hanskar på. Kunne vore større og meir definerte knappar. Elles godt fornøgd med kameraet.


Konklusjon om setetekket: Genialt!  Tenkte at siden den ikkje hadde lomme nede, kom det til å skli rundt på setet. Men på grunn av den gummierte undersida var det heilt stabilt. Og det samla opp vatn frå drakta! Setet var heilt tørt etterpå. Lett å ta på og av. Lett å skylje og henge opp. Ingen stader vatnet kan samle seg. Terskelen for å dykke om vinteren, har med eitt blitt mykje lågare! Hurra!







tirsdag 1. september 2020

Tur til Raudøyna (eller solnedgangsbonanza)

 Måndag 31. august fekk eg meg ein padletur nord for Atløyna,, til Raudøyna. Og denne kvelden var det lett å forstå namnet.. Det var også den første turen eg fekk, med dette kameraet:





Fyret i Granesundet











Fyret på Raudøyna
















Så gjekk det slag i slag med spektakulære stemningar, etter kvart som sola gjekk ned i horisonten..






























Og då månen også ville vere med, så vart det ein tur med alle klisjear... men gode opplevingar ;-)

lørdag 4. juli 2020

Introkurs 4. juli

I dag hadde eg eit introkurs i padling for 7 deltakarar.

Fine padleforhold (for nybegynnarar) heile dagen :-)


Spent gjeng før vi skulle utpå, men stille seg opp, det kunne dei.



Tørrtrening på exit før vi gjekk på vatnet.









Kjekk og sporty gjeng ;-) I slutten at kurset trente vi exit og redningar.


Og alle stod på kurset med glans! " Alle fekk utdelt: License to paddle"

fredag 26. juni 2020

Bulandet!

Denne veka var vi i Bulandet og ferierte. Vi var veldig heldig med veret. Særleg torsdagen var varm og stille..


Det vart bading..



Og dykking/snorkling..



Ved bryggene til Liv Turid, er det mykje å sjå..
















Om kvelden fekk begge jentene ein lengre tur i kajakk.


Olivia først.






Svartbak- par som hadde ungar i nærleiken.



Sjeldan det er så stilt, at det går an å padle så langt ut med ungar..










Så var det Eivor sin tur.




Vi padla endå lengre ut.












Vakker kveld :-)


Fine dagar i Bulandet. Takk til Liv Turid og "Liv og lyst" for flott overnatting og service elles.. Vi kjem att ;-)