torsdag 30. januar 2014

Prøvetur med ny Aleut- åre!

Hei!    Kva er dette?    Pakke frå Vestfossen?


Jepp! Det vart ei Aleut- turåre på meg. Etter å ha prøvd ei tilsvarande frå Kajakkspesialisten A/S på Stokkøya i august, bestemde eg meg for å kjøpe ei slik.


Denne er 225 cm, dvs 5 cm lengre enn den vanlege grønlandsåra mi. Sidan denne stort sett skal brukast til turpadling, er greitt å ha den litt lengre. Fekk til og med namnet mitt trykt på! ;-)




Nylakkert som den er, prellar vassdropene greitt av.


Åra var fantastisk å bruke til rein turpadling. Den er lett, og har ein fin gange i vatnet. På ein måte styrar den av seg sjølv, når du dreg bakover. Dette gjer at du kan ha eit mykje lausare (meir behageleg) grep på åra.


Kald austavind i dag. Eg fann likevel nokre lune stader som var greitt å padle. Her; vatn i fast form:


Desse to (ein måse og ein skarv) kom eg heilt innpå i dag. Stor fordel med lydlaus forflytning på vinterstid..




Så klart som vatnet er no, blir det ikkje så gale undervassbilete heller:




Denne skarven lurte på om den skulle flytte seg, eller bli verande.




Slik ser sandbotn som har blitt eksponert for straum og bølgjer ut.


Elles veldig fornøgd med Aleut- åra! Den skal få vere med på mange turar i tida som kjem.

Lurar også litt på å kjøpe speilreflekskamera, men er litt i tvil om fuglane og dyra har tid til å vente til den rette linsa, den rette innstillinga og dei rette filtera har kome på? Trur eg held meg til kompaktkamera ei stund til.. :-)

tirsdag 21. januar 2014

Ups and downs..

Då har eg vore ute og trena litt fleire ruller. Det begynner å kome ein del på plass på høgresida no. Då er det verre med venstresida..

Nr 9: Standard roll with paddle held behind head:



Eg har nok vore litt utolmodig på å kome rundt tidlegare på denne rulla. No tenkjer ag at kroppen kjem seg over på den rette sida, så dreg eg åra bort på rett side, før eg går opp.

Nr 7: Spine roll:



Denne sat ikkje heilt godt, og må øvast mykje meir på..

Nr 15: Roll with arms crossed



Litt djup. Må få litt meir kneløft her. Dagen hadde også ein "surprise".

Nr 31: Hand roll holding eight kilogram brick, start tucked forward, finish leaning aft




Ein smule fornøgd padlar på slutten der, ja. (Om denne er 8 kg veit eg ikkje, men det er ein teglstein
som er laga lokalt.. ;-) for ein del år sidan, og det er ein stein som kan brukast fleire gonger!

Denne siste var jo artig, meen litt kjedeleg at ikkje vestresida er heilt med på desse litt meir kompliserte rullene. Det er dessverre litt for kaldt for å terpe så veldig lenge. Og bassengtrening er uaktuelt.

onsdag 15. januar 2014

Draumedagar på Stokkøya, august 2013

Her er artikkelen som var trykt i Padling nr 5. Det er også litt fleire bilete her..



Årets Qajaq- treff på Stokkøya var det femte i rekka. Samlinga er eit samarbeid mellom Trondhjems kajakklubb og ”Prosjekt Inuit” og vert halde på Stokkøya Sjøsenter, i Åfjord kommune. Staden har kanskje ei av dei finaste strendene i området og høver godt til rulletrening. Det  er også eit flott utgangspunkt for turar. Dei to siste åra har det også vorte arrangert eit uoffisielt NM i grønlandsruller. Deltakarane skal presentere opp mot 32 ulike ruller, der dei får poeng alt etter kor bra dei vert utført.

Treffet startar med ”Qajaq-akademietsom går føre seg dei to første dagane. Dei fleste som skulle vere med på dette, kom onsdag ettermiddag. Seinare den kvelden kom også Dubside og Anders Thygesen, som skulle vere instruktørar. På denne samlinga kan du overnatte i dei populære ”Sub- lugarane”, du kan leige rom på Sjøsenteret, eller gjere som dei fleste vel å gjere: bu i telt.

Dubside instruerar ei gruppe med deltakarar:




For å få til ein del avanserte ruller, er det viktig å kome godt ned på bakdekket:




Dubside viser rulle med åra bak hovudet:



Onsdag morgon var det tilbod om Yoga med Dubside. Han gjennomgjekk mange øvingar som høver godt for padlarar. Etter yogaen kjende vi oss klare til å ta til på kurset denne dagen. Ved kursstart vart vi delt opp i to grupper. Anders tok seg av gruppa som ville trene på standardrulla, medan Dubside hadde gruppa som skulle trene på dei meir avanserte rullene. Eg var med Dubside denne dagen, og han gjekk i gjennom dei fleste rullene som er med i grønlandsrulle- meisterskapen. Han snakka også litt om poengsystemet, og kva som skulle til for å få maksimal poengsum på kvar øving. Undervegs fekk vi prøve sjølve, og fekk mange gode tips og råd.. Tipsa gjorde at mange fekk til det dei hadde streva med.

For min eigen del, såg han at eg måtte vri åra litt på stormrullene, og vips, der kom stormrulla på høgre side på plass! Det var også stor hjelp å få frå dei andre deltakarane. På denne samlinga er det ei tanke om at all kunnskap kan delast, og alle har eit ønskje om hjelpe kvarandre mest mogleg. Etter matpausen, var det tid for eigentrening. Då plukka vi ut nokre ruller som vi ville fokusere på, og Dubside instruerte. Onsdag kveld var det ei filmframsyning om inuittane på Alaska.

Du treng ikkje å vere ekspert for å vere med på Stokkøy- treffet:



Torsdag morgon var det igjen tilbod om Yoga, og Qajaq- akademiet fortsette etterpå. Denne dagen var det byte på gruppene i høve til dagen før. Anders Thygesen hadde ei økt med handruller, ”reverse- sweep” og stormrulla, medan Dubside hadde gruppa som jobba med standardrulla. Siste del av torsdagen hadde Thygesen ein del om korleis ein kan bruke grønlandsåra til andre ting enn rulling. Vi fekk opplæring i framdriftstak, ulike sveipe-, styre-, og støttetak, og sculling med grønlandsåra. Torsdag kveld, var det offisiell opning ved Bernt, der han ønskte nye deltakarar velkomne. Etter informasjon om dei komande dagane, viste Anders bilete frå Grønland. Bileta vart kommentert av Thygesen, og mange døme på ulike kajakkar, harpunar og årer vart presentert.

Vakkert på Stokkøya:



Etter yogaen fredag, var det individuell trening fram til den populære byggjekonkurransen seinare på dagen. I denne konkurransen skal det byggjast ein kajakk av tynne lekter, tape og gladpack. I årets konkurranse var det tre lag: Hordaland, barnelaget og ”resten av Noreg”. Bygginga bar preg av eit stort engasjement og mange gode løysingar. Hordaland- laget bygde ein båt som var ganske ustabil og skvetten. Barnelaget imponerte med ein vakker kajakk og effektiv bygging. Sonen til Anders Thygesen; Åsmund, fekk æra av å  padle siste etappe, og til og med rulle den. Det greidde han fint! ”Resten av Noreg” vann konkurransen med raskaste tid og finaste kajakk, barnelaget tok andreplassen, og Hordaland måtte nøye seg med sisteplassen. Seinare på ettermiddagen denne dagen, hadde Dubside oppvisning med tauøvingane som er med i den originale grønlands- meisterskapen. Dagen vart avslutta på restauranten på stranda, der torsk stod på menyen.


Byggjekonkurransen er svært populær:




Laga som var med i byggjekonkurransen:




Dubside viser tauøvingar:



Laurdag var det NM i grønlandsruller. Første gruppa, som hadde nokre få ruller, fekk ti minutt, medan den siste gruppa som skulle presentere mange ruller, fekk tretti minutt  til å gjennomføre. Deltakarane fekk to forsøk på kvar rulle (ikkje på kvar side), og kunne då velje å ta eit forsøk til på same side, eller skifte til andre sida.Rulle med avataq, padling opp ned og kvalrossdrag var ikkje med i programmet, då desse tinga er vanskeleg og tidkrevjande å organisere.Sjølv om dette er eit uoffisielt NM, er det god oppslutnad og høg kvalitet. Det vert også vurdert å få dette arrangementet offisielt, men ein del praktiske problem og dilemma må løysast opp i, før ein kjem så langt. Dommar i konkurransen i år var Dubside, med Bernt M. Johnsen som assistent. Målet for arrangørane er at flest mogleg skal delta, uavhengig om ein kan ei, eller tretti ruller.

Vinnaren av juniorklassen var Helene T. Ryningen frå Bergen. Ho imponerte med elegante og kompliserte ruller. Ho enda til slutt på 33 poeng. I dameklassen var det Mildrid Flø frå Ulsteinvik som med 100 poeng vart den suverene vinnaren. I herreklassen vart vinnaren, i år som i fjor, Torleif Holm frå Trondheim. Han enda på den imponerande poengsummen 179. Her var det berre å nyte synet av flotte og kompliserte ruller. Å sjå mange så avanserte ruller bli utført på ein så avslappa og roleg måte, var ei stor oppleving og ein stor inspirasjon til vidare eigentrening. Litt drama vart det også under årets NM. Anders Thygesen fekk krampe i leggen under eine rulla, og måtte ut av kajakken. Då er reglane nådelause: slutt på konkurransen for den deltakaren. Ein annan ting som skjedde var at vinnaren av herreklassen; Torleif, måtte byte kajakk rett før det var hans tur. Han oppdaga ein lekkasje i kajakken sin, og måtte låne ein annan. I lys av dette kan ein kanskje seie at poengsummen hans er endå meir imponerande.


Dommar under NM i grønlandsrulle var Dubside med Bernt M. Johansen som hjelpar:




Åsmund Thygesen i juniorklassen imponerte:




Leif Krane kom på ein fjerdeplass under NM:




Mildrid Flø gjer seg klar til å rulle med stein:




Torleif Holm vann herreklassen under NM:




Helene T. Ryningen:




Ut over kvelden vart det tend ein fellesgrill, og seinare på kvelden hadde Dubside eit foredrag om historia til meisterskapen på Grønland. På den nasjonale meisterskapen på Grønland, er det ikkje berre rulling som tel, men også padling på tid, harpunkasting og ulike tauøvingar. Dubside fortalde om korleis meisterskapen på Grønland vert organisert, viste bilete og historikk over poengsummen til dei ulike vinnarane gjennom åra.Maligiaq Padilla har dominert denne konkurransen på Grønland. Dubside har hatt eit tett samarbeid med Maligiaq og dei har blant anna gjeve ut to dvd- ar saman For å bli vinnar med den høgste poengsummen, treng ein ikkje nødvendigvis vinne alle dei ulike greinane. Den totale poengsummen avgjer til slutt.


Idyllisk på Stokkøya:



Søndag var det avreisedag for dei fleste. Mange deltakarar kjem langveisfrå, og brukar heile dagen å kome seg heim, nokre til og med fleire dagar. Difor er det berre uorganiserte aktivitetar denne dagen. Ein ting er sikkert: Eg kjem att neste år. Det som er det fine med denne samlinga, er at det er ei avslappa stemning. Det er passeleg balanse mellom program og ”fritid”. Du får tid til å fordøye, og å teste ut det du har lært mellom læringsøktene. I tillegg til mykje læring og fine foredrag, er det også hyggjeleg å bli kjend med nye menneske. Og når alle delar den same interessa, er det aldri vanskeleg å finne samtaleemne.  Mange tek denne samlinga som ein ferietur, og området høver også svært bra for ungar. På årets samling var det familiar med ungar, der alle hadde flotte dagar, anten dei trena på rullar eller bygde sandslott. Det er også ei samling med lita avstand mellom amatørar og proffar. Du bur ”telt i telt” med internasjonale rullestjerner, og om du treng kompetente råd, er det aldri vanskeleg å spørje.

Tusen takk til arrangørane for fine dagar! Neste års treff er allereie bestemt. Kursdagar vert 6. og 7. august. Treffet startar offisielt om kvelden torsdag 7. august, og varar fram til søndag 10. august.

Meir info om neste treff finn du HER.


Resultata under NM i grønlandsruller under:

Herrer
1 Torleif Holm, Trondheim, 179 poeng
2 Stig Nygård, Årsandøy, 82 poeng
3 Jan-Erik Hagelund, Trondheim, 66 poeng
4 Leif Krane, Kongsmoen, 48 poeng
5 Rolf Tennebø, Sandane, 40 poeng
6 Jan Theien, Asker, 29 poeng
7 Anders Thygesen, Vestfossen, 21 poeng
8 Erik Rødsand, Stavanger, 17 poeng
9 Kjetil Thorbjørnsrud, Trondheim, 12 poeng
10 Terje Skarpenes, Bergen, 5 poeng
11 Jarle Birkeland, Trondheim, 3 poeng
12 Morten Meyer, Trondheim, 2 poeng (Tid: 00:55)
13 Asle Bergersen, Namsos, 2 poeng (Tid: 01:02)

Junior
1 Helene T. Ryningen, Bergen, 33 poeng
2 Åsmund Thygesen, Vestfossen, 18 poeng

Damer
1 Mildrid Flø, Ulsteinvik, 100 poeng
2 Lidun Hareide, Flø, 52 poeng
3 Ann-Cathrine Flatås, Trondheim, 29 poeng
4 Hilde Mailen Domaas, Trondheim, 20 poeng
5 Bodil Bergersen, Namsos, 11 poeng
6 Torill Ringsø, Trondheim, 2 poeng (Tid: 00:55)
7 Betty Stjernen, Trondheim, 2 poeng (Tid: 01:30)


Tidlegare Qajaq- treff på Stokkøya:

2009:Ca. 50 deltakarar. Instruktørar: Dubside og Anders Thygesen
2010: 10 deltakarar. Instruktør: Torleif Holm.
2011: Ca. 35 deltakarar. Instruktørar: Dubside, Bjørn Thomasson
2012: Ca. 35 deltakarar. Instruktørar: Dubside, Anders Thygesen





Dubside rul(l)ar:



Dubside viser kule triks.




fredag 10. januar 2014

Nye ruller!

Då har eg øvd så mykje på "chest- scull"- rulla, at eg kan seie at eg kan den..

Høgre side:



Venstre side:



Venstre side er nok ikkje heilt perfekt enno. Slit litt med å kome skikkeleg fram på dekket. Her ligg nok også forklaringa på at eg ikkje får til "reverse and sweep" på denne sida. Må øve meir på venstresida på alle rullene.

Her er norsaq- rullene i ein betre utføring enn sist, trur eg..

Høgre side:



Venstre side:



Så dagens "surprise":



Nr 28 (Handrulla med knytta neve. Begynne framme, avslutte bak) Eg såg Dubside på DVD i går, og då tenkte eg at denne hadde eg kanskje ein sjanse til å klare..

Og høgt oppe som eg var, ville eg også teste denne..



Det gjekk ikkje heilt bra, men eg var overraska kor nær eg var... Litt nærmare framdekket med hovudet, så kanskje neste gong?

Elles har eg lagt inn nye snuttar på denne sida.  Det gjeld bakover- scullingane, standard rullene og norsaq- rullene. Var ikkje heilt fornøgd med dei gamle. Stort sett blir ein jo flinkare, sjølv om ein kan oppleve tilbakeskritt.

søndag 5. januar 2014

Rulle- oppdateringar

Ein liten rulleøkt i dag. Har også oppdatert denne sida med dei nye rullene eg no kan seie at eg kan. (Dvs: at eg oftare klarar, enn ikkje...)

Stormrulle høgre side:



Stormrulle venstre side:



Reverse- sweep høgre side:



Fekk også til Norsaq- rullene på begge sider. Har klart den høgre ei stund, men med nyekajakken går venstresida greitt også!

Høgre side:



Venstre side:



Ser også at eg må redigere ein del videoar på grønlandsrulle- sida. Nokre er av dårleg kvalitet, både teknisk og i utføring. Spesielt scullene.. Chest scull får eg til av og til. Syns eg må kunne det betre før eg legg inn videoar. Lekse til neste gong: Chest scull begge sider og reverse sweep på venstre side.

Video- test

Testar litt ulike video- plattformar...

Photobucket:



Youtube:



Vimeo:

MVI 5797 from Odin Hestholm on Vimeo.