søndag 11. april 2021

Nordavind frå alle kantar!

Fekk meg ein tur utpå i dag. Veldig fint å padle igjen i strålande sol, men kald nordavind som gjorde at det var ein litt frisk oppleving. 






Ute ved Flatøyna








Framleis lov å gå i land her, men berre fram til 15. april. 









Eit monster?



Hadde med godstolen i dag!



Ferja på veg ut til Værlandet









På veg innatt i plaskesjø..



Dagens miljøinnsats.


søndag 4. april 2021

Testtur med Hilleberg Akto!

Eg har investert i nytt telt, eit " Hilleberg Akto"- telt. Solotelt med pittelite fortelt. Eg måtte prøve det, så då vart det ein nærtur i området.

Reiste opp mot Åsen rundt kl 19.





Kusymre




Gløtt av sol



Ikkje mykje plass, men akkurat nok til ein person. Teltet er tenkt brukt til MC- turar og kajakkturar, der plass/ vekt er av betydning. 



Litt kjekt med litt god plass midt på inni teltet, til stasj. Og eit lite fortelt til sko og sekk. 









Innover mot Askvoll



Innover Dalsfjorden.




Gjeld å ha det rette fokuset..







Utover Vilnesfjorden.














God morgon! 

Det var litt kaldt i starten av natta, men med vinterpose og vind som stilna, kom det seg utover natta. Litt greitt å teste det i vind også..









Pakka og klar til returen..


Pluss med teltet:

  • Veldig enkelt å setje opp, og ta ned att. Med litt øving bør det gå på eit par minutt
  • Gjennomtenkte og gode løysingar, smarte strammarar og EI stang!
  • Gode høve til å lufte i begge ender av teltet
  • Halve innerdøra kan enkelt gjerast om til myggnetting.
  • Langt nok! Eg er 185 cm, og hadde god plass i det då eg låg!


Minus med teltet:

  • Litt for lavt for meg inni. Eg kunne sitje, men då var hovudet borti innerduken. 
  • Litt lite fortelt etter mi smak..
  • Prisen 😬



torsdag 1. april 2021

Dykking på Olsetneset

 

Første dykketur i år gjekk til Olsetneset. Kortreist, men fint område å dykke i. 




Ikkje så mykje liv, men fine fargar og former..















Det var begynt å bli grumsete, og verre blir det no framover på våren.














Området eg dykka i:



Merka godt at det var den kaldaste tida å dykke på i dag. Fraus skikkeleg på fingrane..