onsdag 6. november 2013

Goltziana Marlin til sals- SELD!

Med tungt hjerte har eg bestemt å selje ein av dei tre kajakkane mine. Denne vert lite brukt, sidan dei to andre eg har dekkjer behovet mitt..


Denne glasfiberkajakken vart kjøpt hos Kajakk og fritid i Drammen i 2008. Den vart brukt ein del dei første åra, men har sidan stort sett hengt i garasjen, med unntak av nokre få småturar.


I padleeigenskap kan den kanskje samanliknast med NDK Romany. Den er super- manøvrerbar og svært artig å padle. På langtur med last kan den opplevast som litt treig, då den blir liggjande litt djupt. Byggjekvaliteten er god, og den vert seld i god stand. Litt småriper under, elles ingenting. Dei originale fotstøttene har blitt erstatta med Kajakksport fotstøtter.


Teknisk info om denne kajakken finn du HER!

Pris er 9000,-

Viss du er interessert, kan du sende epost til: odinhest(alfakrøll)hotmail.com

søndag 3. november 2013

Stormruller og mislukka reverse sweep

Fekk ei lita luke i dag til å kome meg utpå med Zegulen. Småkjølig austavind i dag, men måtte sjekke om stormrullene fungerte.




Etter ei lita oppvarmingstur, var det klart for rullings. Eg hadde eigentleg tenkt å ha eit kamera på land og eitt på kajkken. Men sidan Zegulen ikkje har tau heilt framme og bak (der dekket er glatt nok for at sugekoppen skal feste seg) turde eg ikkje å ha det på kajakken. Neste gong må eg ha med tau slik at ikkje kamera og sugekopp forvinn ned på botn om det lausnar..

Først høgre stormrulle:



Så venstre stormrulle:



No kan eg vel seie at eg kan stormrullene. Sjølv om dei ikkje er perfekte og "bankers" enno, sit dei ganske bra. Ganske fornøgd med det! :-)

Så kjæm de je itte kæinn..  Reverse sweep. Ikkje langt unna, men manglar den siste "moven".. Tips?