søndag 27. juni 2021

Maritim ferie i paradis, del 2

Torsdag og fredagen denne veka fekk eg meg to dykketurar i litt meir "hav- miljø". Eg fann eit sund som låg opent mot havet mot nordvest, men likevel ganske skjerma. 

Det å dykke åleine på slike stader skal ein jo vere litt forsiktig med, men eg tok INGEN sjanser, og det vart for det meste snorkling. Berre nokre få dykk, og då ikkje så djupt.

Torsdagen var det gråver og litt dårleg lysforhold. Det var mykje betre om fredagen. 







Ikkje lett å få ein brennmanet til å bli heilt klar.. Eg tok sikkert 300 bilete denne dagen, men berre omlag 5 % vart klare. Det kan godt hende det hadde vore betre med eit anna kamera, andre kamerainnstillingar  og meir lys? (lykt). Men det er vanskelege forhold når ALT er i rørsle og lysforholda er så varierande. Difor kan det forekome nokre uklare bilete her.. 








Raudnebb?






Blå brennmanet. Eg såg fleire slike..



Mykje smålyr som symde i stim.





Brennmanet (oppned)











Det var lett å forstå kvifor desse held seg saman i stimar. Dei var under stadige angrep frå større fisk frå djupet. 














Ein av angriparane frå djupet..











Ein veldig fin stad som eg heilt sikkert kjem til å utforske meir seinare. Bulandet leverar... også under vassoverflata.


Maritim ferie i paradis, del 1

 Denne veka hadde vi fine dagar på Bulandet. Eg reiste ut åleine på måndagen og fekk ein padletur heilt for meg sjølv. Det trengde eg etter ein travel vår på skulen. Godt å få la tankene fare.. puste med magen... berre vere...





Påskeøya?



Kaffepause på holme..



Det er så vakkert her ute!




Dei to minste kom ut tysdagen. Då vart det bading i sunda og dei var med å studerte det maritime livet utanfor hytta, der vi budde.





Blåstål




















Hopping frå brygga



Mykje fiskeyngel her










Torsdag ettermiddag var vi ute og padla. Olivia først.








Så var det Eivor sin tur.


Dei neste dagane var eg litt meir egoistisk og tok ein eigen dykketur på utsida. Det kjem i neste post..