søndag 27. april 2014

Ny rulleøkt

Det vart ein liten snartur utpå i dag også. Fint ver og opp mot 20 grader! Det er ikkje å forakte når ein skal rulle!



Det vart litt repetisjonar av venstre reverse sweep. I dag sat den ikkje så bra som forrige gong, men så lenge eg fokuserar på dei rette tinga, går det bra..



I dag hadde eg berre D10- fotoapparatet, og det fiksar ikkje heilt kombinasjonen sollys og sjø.

Så vart det trening på norsaq- ruller, begge sider:





Etter ei stund kom det tre gutar som ville bade (!) der eg trente, så då overlot eg staden til is- badarane. Rullarar har vikeplikt for badarar ;-)

Då vart ein tur ut i bølgjene i staden. Og med ekstem low volume kajakk som denne er, vert det alltid litt plask og sjø!







Artig!

Eg har også prøvd å byggje opp setet litt i høgda, for å lettare kunne leggje seg bakover på dekket:



Det fungerte ganske greitt, men låra kom litt for langt opp mot framdekke, så eg trur eg skal skjære av litt meir heilt framme..


fredag 25. april 2014

Endeleg!

Torsdag kveld var det klart for litt rulling igjen. Ei stund sidan sist no. Og pausen må ha gjort godt..


Endeleg kan eg seie at reverse sweep på venstresida er på plass:



Difor kan den få lov å kome på denne lista. I går prøvde eg den 6 gonger og fekk den til 5. Men den må fortsatt øvast på..

Ganske fornøgd med at denne endeleg er på plass!

Elles fekk eg også tid til å trene litt på andre ruller.

Her; "Paddle in crook of arms"

Venstre:



Høgre:





Desse burde site bra, men som videoane viser, er ikkje høgresida heilt elegant. Det viser seg at det er viktig å øve på ALLE rullene, og ikkje tru at ein kan nokon utan å trene på dei.

Så nr 11; "Armpit roll":

Høgre:



Venstre:



Her skjer det som ofte skjer på denne rulla. Åreenden glepp ut av armhola akkurat i det ein går opp. Nokon som har noko tips om korleis unngå dette?

Så ein rulle som ikkje sit heilt godt endå.. Nr 15: "Roll with arms crossed":



Foreløpig er det berre høgre side som er på plass. Og denne er slett ikkje bankers..Den kjennes fortsatt veldig rar ut. Reknar med at litt av løysinga er å kome lengre ned mot framdekket?

Vidare øvde eg på nr 7; Spinal Tap- rulla.. ;-) Høgre side er ok, men ikkje venstre på denne heller..

Alt i alt fornøgd med kvelden. Reverse- sweep, venstre side: Check!




mandag 21. april 2014

Morgontur i stille sjø

I dag vakna eg tidleg, og bestemte meg for å ta ein padletur. Heilt blankt på sjøen i dag:


Eg såg mykje tjeld i dag:


Elles litt sel her og der, men ganskje sky..


Dese to var på Flatøyna, kanskje grågås? Ikkje Kanada- gås i alle fall. (Den ser eg ofte..)


Hadde håpa på oter- bilete i dag, men den hadde visst ikkje stått opp..


Gjennom Sauesundet:


Spørsmål å stille til Kystverket: Har du fyr?


På veg heim:




fredag 18. april 2014

Tur til Eimindsanden

Ettr å ha vore på fjelltur med familien tidlegare på dagen, var det klart for ein kveldstur i kajakk!


Turen gjekk nordover til Eimindsanden, forbi fyret på Eimind.


Ved fyret leika fyrvoktaren og kona i sjøen. Kystverket må spare der dei kan, og har difor ansatt to oterar til jobben. Dessverre forsvann dei på land, før eg kom på fotoavstand..

Vestover mot Staveneset:


Innvover mot Stongfjorden:


Målet er nådd; Eimindsanden. Her vart ein liten beinstrekk:


(Det ser ut som eg pissar, men det gjer eg altså ikkje....)






På veg tilbake. Det var begynt å bli ganske mørkt, men med to lys på vesten gjekk det greitt..


Heime:



tirsdag 1. april 2014

Norsaq- og reverse sweep- ruller

I ettermiddag vart  det tid til ei lita rulleøkt igjen. Først Norsaq- rulle; begynne framme, slutte bak:

Høgre:



Venstre:



Så lenge eg tek desse roleg, går det bra. Viss eg prøver å gjere dei fort og stressar, går dei ikkje bra..

Så ville eg prøve den framoverlente (begynne framme- avslutte framme). I dag fekk eg ikkje til denne...



Så kjem rullene eg øvde mest på i dag; reverse sweep. Høgre side er ganske bankers no:



Men venstre, var det ikkje snakk om i dag. Difor; rykke tilbake til start, og øve på chest scull, venstre side igjen....



Ingen surprise i dag.. Går i rykk og napp dette her..