tirsdag 30. august 2011

Surfing i småbølgjer!

I dag blåste det opp til liten kuling. Då vart det høve til å leike seg litt utpå fjorden. Eg prøvde å få til nokre surfar på dei bølgjene som var i dag. Ikkje så enkelt.. Store bølgjer er litt meir slik; "vil du vere med, så heng på", medan mindre, må ein treffe akkurat med tid og fart. Fann til slutt ut at det beste var å leite etter surfbare bølgjer når ein padlar medsjø, prøve å ta dei att, og så forsøke å finne farta. Har pleid å vere litt overivrig tidlegare. Har hatt ein tendens til å padle i frå dei.

Eigentleg ganske overraskande kor stor fart ein kan få på slike korte, små fjordbølgjer:





Under er ein video med litt motsjøpadling. Eg prøvde å kappe med Ekspressbåten..



Litt static brace går også an å øve på. Men med så mykje bølgjer det var i dag, var det ikkje så lett. Må ta med snorkel neste gong.



Ei lita økt med kjekk padling, og god trening. Neste gong skal kameraet høgare opp..

3 kommentarer:

  1. Kjempegøy å se! hvilket kamera filmer du med? :)

    SvarSlett
  2. Ser veldig morsomt ut. Oppfølgingspørsmål til Susan sitt: hvordan fester du kamera?

    SvarSlett
  3. Eg brukar Canon D10, og eg festar det bak på kajakken med eit lite sugekoppstativ. Men ser at eg bør heve det opp for å få med meir..

    SvarSlett