Vi starta i Flåm i grå- ver. Veret var svært varierande undervegs, noko som gjorde at det vart interessant fotolys.Fire franskmenn, to tyskarar og to amerikanarar var med på denne turen. Guiden, kokken, medisinmannen; Ervin i midten:
Det vart etterkvart ganske trolsk stemning fredagen:
Aurland til høgre:
Ervin i sitt rette element:
Maten var fantastisk undervegs. God og variert, og med den beste utsikta i verda:
Laurdagen var det opp tidleg for å gå tur forbi Stigen, og opp til Beitelen:
Stigen gard:
Her er vi på toppen av Beitelen. Utsikt innover Nærøyfjorden:
Alle kom seg opp på toppen. Ein flott gjeng!
Den siste natta overnatta vi før det smalaste partiet av fjorden.
Morgonstemning:
Det kjem truleg ein meir utfyllande rapport, og fleire bilete i bladet; Padling etterkvart.
Dette er ein tur eg kan anbefale på det varmaste!
Flott kombinasjon fjord og fjell ! Reine Tidemand og Gude- stemninga på mange av bilda dine :-)
SvarSlett