I dag blåste det opp til liten kuling. Då vart det høve til å leike seg litt utpå fjorden. Eg prøvde å få til nokre surfar på dei bølgjene som var i dag. Ikkje så enkelt.. Store bølgjer er litt meir slik; "vil du vere med, så heng på", medan mindre, må ein treffe akkurat med tid og fart. Fann til slutt ut at det beste var å leite etter surfbare bølgjer når ein padlar medsjø, prøve å ta dei att, og så forsøke å finne farta. Har pleid å vere litt overivrig tidlegare. Har hatt ein tendens til å padle i frå dei.
Eigentleg ganske overraskande kor stor fart ein kan få på slike korte, små fjordbølgjer:
Under er ein video med litt motsjøpadling. Eg prøvde å kappe med Ekspressbåten..
Litt static brace går også an å øve på. Men med så mykje bølgjer det var i dag, var det ikkje så lett. Må ta med snorkel neste gong.
Ei lita økt med kjekk padling, og god trening. Neste gong skal kameraet høgare opp..
Kjempegøy å se! hvilket kamera filmer du med? :)
SvarSlettSer veldig morsomt ut. Oppfølgingspørsmål til Susan sitt: hvordan fester du kamera?
SvarSlettEg brukar Canon D10, og eg festar det bak på kajakken med eit lite sugekoppstativ. Men ser at eg bør heve det opp for å få med meir..
SvarSlett