søndag 26. mars 2017

Fifty shades of grey


Ein grå dag i dag. Fint å padle likevel. Ingen vind, heilt blikkstille..


 Her er tre kannadagjess i flukt.






Såg mykje oter i dag. Ikkje lett å få blinkskot, sjølv om ein kan padle ganske nær utan at ein vert oppdaga.






Her er den mist skvetne fuglen eg veit om; fjæreplytt. Den kan du nesten få til å kome å setje seg på handa di.












Ein liten beinstrekk på Sauesundsøyna.



Her er eit gamalt hus med eit uthus ved sida av.



Uthuset var opent, så då måtte eg jo ta bilete av korleis det såg ut inni. Ein pausestad for fiskarar i gamle dagar, eller kanskje ein hemmeleg klubb?



Ei stund sidan denne har vore i bruk..



Godt brukt!



På loftet var det mykje tauverk og garn, så her har det nok vore mykje aktivitet ein gong.






Inni huset var det veggpapp- ruller og isolasjon, så her har nok vore planar om å pusse opp ein gong.



Ei stund sidan denne trappa var i dagleg bruk.



Dei som har budd her, har også drive med husdyrhald.



Fint! (om eit par veker)



Litt skakt og skeivt, men skifertak på begge husa.. så med uendeleg tal arbeidstimar/ optimisme...



Så ut att i kajakk.



På stranda ved huset, låg denne godt synleg frå kajakken.



 Eg padla over fleire gonge, utan at den viste teikn til å flytte seg. Då tenkte eg den var dau, men det var den ikkje. Den flytta seg ein halv meter, då eg var borti den med åra.



Når hav og himmel går i ett.



Kjekt å sjå (og høyre) tjelden igjen. Eg såg også ei vipe. Det er lenge sidan eg har sett rundt her.

Neste tur, trur eg at eg må ta med dykkeutstyret. Må utforske litt under overflata også..

2 kommentarer:

  1. Sometimes the grey days are the best Odin - which is a good thing in Scotland too!

    Kind regards

    SvarSlett