fredag 24. februar 2017

Liten padletur med varierande ver


Ein liten tur utpå i dag. Sidan kajakken hadde vore på taket på bilen i natt i snøveret, fekk den eit nytt utsjånad. Kvit, med raud stripe.



I starten var det sol og fint. Nybakte skulebollar frå Askvoll sjømat og delikatesse var kjøpt inn. Kaffi på termos var teke med.



Utpå vika venta Jørn Magne som skulle vere med på tur i dag.




Fin vinterdag med sol som varma...


Slik at snøen på dekk tina...




Frå nordvest tjukna det etterkvart til..



Steinkobbe.


Så kom det ein skikkeleg snøbyge innover, og vi fann ut at vi ikkje villle padle så langt ut som vi først hadde tenkt.. Vi skalka lukene og padla i lag inn ved land.






Etterkvart vart det også ein del vind, og kombinert med snø og låg temperatur fann vi ut at vi padla inn att. (Vi har begynt å bli gamle pingler som må tenkje på helsa vår......)



Bollane og kaffien vart innteke i eit varmt hus med utsikt over sjøen. (Det er lov å hetse i kommentarfeltet, ja..... )


Ein kort tur er uansett betre enn ingen tur.

2 kommentarer:

  1. Boller kjøpt på Askvoll Sjømat og delikatesse. Høyrest suspekt ut. Kråkeboller? Bortsett frå d vert lite hetsing- berre å innsjå at vi e blitt gamle.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi er gamle og glad i komfort ;-)

      Slett