fredag 14. april 2017

Påskepadling med dykking!

Dei siste dagane har det vore padling med dykking. Litt over, og litt under havoverflata, med andre ord.


 Litt grå start på turen, men mildt og lite vind.



Eg padla i området utanfor Vågane/ Nærvika i Askvoll kommune. Her har eg aldri padla før. Området innfridde med mange fine padlestader, og med mykje dyreliv..



 Utanfor holmane var det også litt liv i sjøen. Området eignar seg difor supert til gjennomføring av teknikkurs. Litt utfordringar, men likevel trygt.






Eg måtte også finne ein stad å dykke. Denne staden syns eg var spennande. Passe djupt, men likevel for trangt/ grunt for båtar. Her skulle eg dykke seinare...


Kjekt å høyre tjelden. Då er det vår. Her eit par i flukt..




Litt beinstrekk må til..








Når ein sit på ein stein heilt roleg i eigne tankar, er det store sjansar for å få oppleve dyr på nært hald. Og i alle fall det mest nærsynte dyret av alle: oteren..




Han her hadde lukta (?) at det var noko/ nokon her..



Ut på vakt.



Må på land for å sjekke...



Ingen der..



Ingen der.... hmmm....



Ingen der heller, men oi!  Kul kajakk!



Kan det vere nokon inni der, kanskje?



Nei, då er det vel ingen. Berre å symje tilbake til dei andre...



Men kva i??



..........



Klarare avslutning på turen sjølv om det var ein del austavind (frålandsvind)



Euroåre..... fordi det nærmar seg ny kurssessong..




Her skulle det dykkkes..



Etter å ha vore til bilen igjen, og skifta til dykke- outfit, var eg klar!


Obligatorisk undervatn- selfie.



Denne grøne tangen trur eg kan etast? (Havsalat?)




Slike maneter var det mange av. Dei lyste oppetter dei blågråe trådane. Utruleg tøft!







Veldig variert fauna under overflata også!






I dag såg eg også fisk! Det har begynt å bli meir uklart i sjøen, og då trekk vel fiskane også høgare opp i sjøen. Her ein stim med smålyr, trur eg..



 Tare er jo vakkert!



Ein del straum her






Fingertare.






Eg dykka også på innsida av desse holmane. Men her var det mest "Sideshow Bob"- tang og livlaust.








Under tareskogen.






Desse er små, men utruleg fargesterke.





Til slutt ein filmsnutt som viser ein fiskestim. Kjekt å sjå at det er liv i sjøen! :-)

video

Fine dagar, i eit flott område. Her skal eg tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar