onsdag 17. juli 2013

Knipsetips



Tun Forlag AS
2012

Forfattarar:  Kristin Folsland Olsen og Randulf Valle

Knipsetips er ei bok som tek som mål av seg å lære lesarane å ta betre bilete. Som ivrig padlar (som også likar å fotografere), er denne boka midt i blinken. Den har nok ikkje så mange padlebilete, men tek føre seg liknande problem og landskap som vi som padlarar kan kjenne oss att i. Som innleiinga seier, så handlar den ikkje om ta det ultimate, lenge etterlengta fotoet, men er meir ei bok som med enkle triks og tips, lærer deg å ta betre turbilete. Altså, ei bok for deg som er på tur, og har med fotoapparat som ein av tinga du har med.

Dette er heldigvis ikkje ei "fotonerd- bok"..Mitt inntrykk er at det er nok av dei som kan fototeknikk til fingerspissane, men som ikkje klarar å ta gode bilete likevel. Dei manglar evnen "å sjå".. Det eine kan ein lære seg, medan det andre er verre med.. Boka prøver likevel å gjennomgå begge deler.

Boka inneheld ein teknisk del, der utstyr vert teke opp.Heile boka er skrive på ein lettfatteleg måte. Du treng ikkje vere fotoekspert for å hengje med. Den tek føre seg speilreflekskamera og optikk. Den har også med ein del om kompaktkameraet og fordelane med desse. Vidare tek den med litt om ulikt fotoutstyr. Noko nødvendig, og noko "kjekt å ha". Ulike filformat og etterbehandling av bilete vert også diskutert.

Eit anna kapittel omhandlar teknikk og komposisjon. Dette kapilet er også illustrert med mange døme, der spesielle innstillingar og effektar vert gjennomgått. Rett plassering av motivet vert også gjennomgått, og ulike bileteformat.. Vidare vert bakgrunn, fargar, lys, rørsle, perspektiv og målestokk diskutert.

Kapitlet som tek føre seg den "kunstnerlege" delen av det å ta gode bilete ("Praktisk turfotografering"), er grundig omtala i "Knipsetips". Kapitlet går gjennom ulike portrettfotograferingar, korleis ta gode bilete når ein er åleine, fjellklatringbilete, brevandring og ski og brett- foto. Her kunne det kanskje vore ein eigen del om padling, men mykje av stoffet her, kan lett overførast til padling.

Vidare vert vinterfotografering, fotografering av eld, nordlys og stjernehimmel også teke opp. Fotturar, skiturar, fiskebilete, landskapsbilete og detaljfotografering er også emne som vert dekka i kapitlet. Når ein skal fotografere på tur, er det lett å tenkje at drittver, ikkje er fotover. Dette er noko som boka motbevisar med interessante og fasinerande døme. Heilt i slutten av kapitlet er det også ein del om det våte element, og utfordringar som ein kan oppleve ved slik fotografering.

Det siste kapitlet i boka handlar om korleis ein kan bruke bileta sine. I tilleg til å legge ut på internett eller blogg, kan ein også tjene pengar bileta sine. Mange friluftsmagasin kjøper artiklar med interessante bilete. Sjølv har eg opplevd å få mange artiklar på trykk i magasinet Padling.

Boka har også eit biletgalleri med fotografi tekne av forfattarane, og ein stikkordsdel.

--

Eg vil absolutt anbefale denne boka til oss som padlar. Sjølv om vi framleis ventar på ein eigen "padlefoto- bok" vil "Knipsetips" dekke store deler av dette saknet. Det meste av innhaldet kan lett overførast til fotografering i kajakk. Elles er det vel slik at dei fleste av som padlar, også vandrar i fjellet og er friluftsfolk generelt.

Det beste med denne boka, er at den ikkje er ein bok som "skapar avstand" til det å ta gode bilete. Mange av tipsa kan du dra nytta av, sjølv om du har eit forhaldsvis enkelt og billeg kamera. Dette er ei bok for turfolk, og ikkje for utstyrsfrikar. Likevel vil nok også desse ha nytte av boka. Under alle fotoa i boka, står det kva slags apparat som er brukt, og teknisk informasjon. Eg fekk denne boka til jul i fjor, og har hatt stor glede av den. Det er super kvalitet, både på tekst og bileta i boka.

Terningkast 5+ 

Boka kan kjøpast i dei fleste bokhandlar og på nettet. (Pris: frå ca kr 240,-)

1 kommentar:

  1. Takker og bukker for hyggelig og grundig omtale :-)

    Randulf Valle

    SvarSlett