lørdag 11. mai 2013

Follevåg- Eidsfjorden


Fredag kveld fekk eg meg ein tur i eit område eg aldri har padla før, sjølv om det berre ligg 10 minutt unna med bil. Turen gjekk frå Breidevika ved Follevåg, og innover mot Eidsfjorden. Det var ein stille kveld med fin temperatur. Vårteikn overalt!


Utover mot Stavfjorden, før turen gjekk innover mot Stongfjorden:


Folvågsneset:


Dramatisk natur, men ingen hobbittar..


Vegen frå Stongfjorden mot Askvoll (R 609) Ser ut som ein geitesti, og det er geit også!


Innover Eidsfjorden. Eg snudde her, og padla tilbake.


Det klarna opp utover kvelden:




Det var begynt å bli grønt på bøane på ute på Staveneset:


Ekspress- båten på veg nordover mot Florø:




Det vart også ein tur til Eimindstranden, før eg padla tilbake til bilen.


Sjølvporttrett:


I kveld angra eg på at eg ikkje tok med ein fiskestong. Trur kvelden hadde vore perfekt for dorging etter sjøaure innover fjorden.. Men neste gong skal den med!



2 kommentarer:

  1. Kjekk tur du har vert på. Var så fint lys den kvelden,sånne flotte" stålblåfarga". Lenge sidan vi har padla no,men håper det vert ein tur idag :)

    SvarSlett
  2. Du har rett i det, Marit. Heilt spesielt lys den kvelden. Sjølv om ein padlar i områda rundt Atløy/Eimind/Staveneset ofte, er det alltid heilt ulike lysforhald!

    SvarSlett