lørdag 27. oktober 2012

Fuglesafari i skumringstimen

I ettermiddag vart det ein liten tur rundt Flatøyna. Mykje fugleliv i dag!

Desse to svanene har nok planar om å overvintre, så dei ser eg vel fleire gonger.


Lene sine båtar var også på plass ved gamlekaia, men utan Lene (trur eg?).


Utover vart det mørkare, men grei sikt likevel.


Snøbyger uti øyane:


Og hildring!


Rundt Flatøyna såg eg denne karen som landa på eit nes.


Dessverre var det blitt litt for mørkt for å få teke gode bilete, men serien har ein viss "malerisk" kvalitet..


Ut i frå fjørdrakta å dømme er vel dette ei ung havørn. Han var like nysgjerrig på meg, som eg var på han, og poserte villig vekk!


Når han flytta seg, sat han seg på ein anna stein like ved..




På veg innover kom det nokre snøbyger:




Men rett før eg kom att til kaia, klarna det opp:


Alt i alt ein fin tur!

4 kommentarer:

  1. Utrolig kor nær ørna du var! Ikkje ein kvardagsleg oppleving vil eg tru.

    SvarSlett
  2. Ørnebilda var kanonkule! Lurer på kva Kystverket held på med i Askvoll?

    SvarSlett
  3. Veldig artig med ørneopplevinga ja, men eg må seie eg vart litt skuffa då eg såg kvaliteten på dei.. Ikkje lett å få god kvalitet i ein gyngande kajakk i skumring. Nei, kva held Kystverket eigentleg på med? :-)

    SvarSlett
  4. Er litt kjedeleg når bilda ikkje blir som forventa,men desse blei jo tøffe likavel.Har blitt lite padling her i det siste,men håpa det kan bli litt tura i vinter og....

    SvarSlett