fredag 12. oktober 2012

B- plan

I dag hadde eg eigentleg tenkt meg rundt Raudøyna nord for Atløy. Veret var fint, men det var litt kaldt i lufta.


Etterkvart som eg kom inn i Granesundet og over i Stavfjorden, auka vinden på. Og påståeleg, kald frålandsvind frå aust, er ikkje til å spøke med..Og når eg padlar åleine prøver eg alltid å tenkje: kva viss, dersom osb..


Det enda med at plan A vart lagd på hylla, og eg snudde tilbake til Askvoll. Der var det fortsatt roleg og fint.


Rart at det kan vere så store lokale forskjellar. Og det er spesielt når det er frålandsvind at ein kan oppleve slikt.

3 kommentarer:

  1. Spennande å sjå kor mykje frålandsvind det er på mandag då..Uansett luksus å komme seg ut på sjøen i slik sol i oktober!

    SvarSlett
  2. Det kan jo hende at det flatar ut jo lengre ut du kjem. Elles har jo Granesundet si eiga logikk når det gjeld ver og vind. Eg kunne nok gjennomført turen greitt i dag, men det hadde vore litt bale å kome seg inn mot land att. :-/

    SvarSlett
  3. For en herlig tur! Savner skikkelig kajakkturen nå. Men har man hund så blir det til at den prioriteres:) Men må snart ut en tur:))

    :)) Fin helg!

    SvarSlett