fredag 8. juni 2012

Solnedgangstur i Stavfjorden

Torsdag kveld fekk eg med meg heile solnedgangen i Stavfjorden. Her er eg på veg ut frå Granesundet og vestover:


Ikkje kvar dag det er SÅ roleg på Stavfjorden:


Etterkvart som sola nærma seg havflata, vart det nydelege fargar..



Turen gjekk vidare sørvestover til Raudøyna. Der gjekk eg på land for å ta bilete av fyret:


Utprøving av diverse kombinasjonar av sol/ fyr:





Av ein eller annan grunn, ser det ut som om kajakken er ein liten modell. Sikkert på grunn av dei store steinane?


Og sola fortsatte sin ferd (Jaja....No er det jo eigentleg jorda som snurrar då, men "let's not split hair")




På veg innover. Klokka var blitt mykje, men eg klarte berre ikkje å forlate dette.



For variasjonen sin del. Ein glasmanet AKA "G.O.P.L.E".. Det var mange av desse skapningane i sjøen i går kveld.


Meir gople- gøy:


No var sola på veg ned i sjøen.


Her bak øya Kinn:



Nye fargar oppstod (og klokka var blitt mykje..)




Då eg kom heim til Askvoll, var klokka blitt 00.30. Og eg var blitt eit (endå) betre menneske.. ;-)

Det var greitt padlelys heile vegen. Likevel greitt å ha lyset på, då eg kryssa leia i Granesundet.


6 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder! Bildene av fyret likte jeg ekstra godt. Men egentlig likte jeg alle ekstra godt! Så gjennom bildene at dette var en herlig tur. Akkurat slike turer som virkelig setter gode spor i sjela:))

    Sitter nå på Rørosvidda og kjente savnet etter havet:)

    Fin helg :))

    SvarSlett
  2. F.A.N.T.A.S.T.I.S.K! Supre bilde. Litt av ein kveld, og god timing!

    SvarSlett
  3. VAKKERT!! dei bilda av fyret va jo berre superduper fine,ein nydelig kveld :)

    SvarSlett
  4. Takk for kjekke kommentarar! Ja, det var ein heilt nydeleg kveld. Men for deg, Marit, er vel dette daglegdags? Du har jo denne naturen utafor stoveglaset! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja,eg er heldig såleis,om våren ser eg sola gå i havet frå terassen,no om sommaren må eg nok ut å gå for å få det med meg,men fargane ser vi frå heimen :)

      Slett