lørdag 30. juni 2012

Basecamp i Gaular 2012

Fredag 29. juni reiste eg til Gaular med tolv enkle og to doble kajakkar, for å ha padleøkta på Basecampen 2012. Sogn og Fjordane Turlag arrangerar samlinga, som er for ungdom frå 13 år og oppover.

Godt lasta bil:


Han her stod og såg på meg då eg fotograferte bilete over:


Det var ganske mykje vind, og det var kvite toppar midt utpå vatnet. Men inne på vika var det betre. Her dreiv dei også i land om det skjedde noko. Tungt å padle i slike forhold for nybegynnarar, men det er god trening, og alle tok både vind og bølgjer med godt humør.


Flott område å padle i:


Hjelparane denne dagen, Ivar og Stig, gjorde ein god jobb!


Vi droppa spruttrekk. Då hadde det gått for mykje tid bort i trening på på land. Dessutan er det store grupper å ha kontroll over.


Det vart mange ufrivillige og frivillige velt!


Trening på eigenredning:


Flåte- moro:




Etter badinga var dei raskt på land for å skifte på tørre kle. Ikkje så rart.. Det var kaldt i vatnet (mykje smeltevatn) og mykje vind som kjøla ned.


Trass i forholda var det ein kjekk dag, med mykje flott ungdom!

5 kommentarer:

  1. Ei kjekke helg rett og slett såg det ut før:))

    SvarSlett
  2. Kjekke ungommar! Eg er imponert over aktivitetsnivået du held på kursinga i år. Mange ungdommar i Sogn og Fjordane som kan takke deg for ei flott innføring i padling! Ikkje mindre kult med hjortetilskodarar. Kva slags kajakk er den turkise som du har på taket? (Njord eller APK?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Å halde kurs for ungdommar er veldig moro! Den turkise er ein P&H Capella. Den er APK sin. Men er ikkje så ofte i bruk.

      Slett
  3. Flott side du har Odin! Mange fine bilder og godt stoff. Kommer til å stikke innom her flere ganger. :)

    SvarSlett
  4. Takk for det! Og velkomen skal du vere! .-)

    SvarSlett