søndag 25. september 2011

Myte- knusar?

Eg var ein liten ettermiddagstur utpå i dag, for å trene litt teknikk og redning. Mykje av padlinga gjekk føre seg tett inntil land der eg øvde på kanting og diverse styretak.


Veret var slik som det har vore den siste månaden, grått og vått..

Eg har øvd litt i det siste på å ta trekket på kajakken under vatn, før eg rullar opp. Dette er ikkje spesielt vanskeleg å få til. Mykje handlar om å halde pusten lenge nok. Og sjå mest mogleg tåpeleg ut..



Men eg er litt i stuss på kva som eigentleg er vitsen med å ta trekket på under vatn. Eg trudde vekeleg det var større forskjell i kor mykje vatn som kom inn i sitjebrønnen.

Så mykje vatn kom inn, då eg tok trekket på før rulla:


Og så mykje vatn kom inn utan å ta trekket på først (Vanleg re- entre og rulle):

Det kan nok vere store forskjellar på kor mykje vatn som kjem inn, alt etter kva kajakk ein har. Men med denne kajakken (NDK Explorer), var forskjellen marginal.

Det kan vere at det uansett har sin misjon, viss faren for å få fyllt opp sitjebrønnen etter ein rullar opp, er stor. Td ved brottsjø og store bølgjer.

3 kommentarer:

  1. Du må entre kajakken vertikalt,med cockpiten under vatn.Ellers so renne det like mykje vatn inn som re-entring. :)

    SvarSlett
  2. Du har sikkert rett, Tron Ivar. Skal prøve! På Bulandet i helga kanskje? :-)

    SvarSlett
  3. Men eg lurar på om ikkje vesten vil presse deg opp på sida uansett. Har sett folk krype inn i ein kajakk oppned i bassenget, men då utan vest..

    SvarSlett