I helga var det klart for nok ei Stormsamling på Bulandet. Askvoll padleklubb stod som arrangør, i lag med Njord og God Tur i Bergen. Dagen på laurdag starta med dette veret, men enda opp med gråver og kuling seinare på dagen.
Slik var veret det då vi padla ut for å leite etter fine leikeplassar:
Det var ikkje så lett å finne noko. Det var nok av bølgjer, men dei kom frå alle kanter og var uregelmessige. Uansett god trening å padle i slike forhold også! Og nokre surfar vart det.
Laurdagen vart avslutta med super mat og god stemning i Floren til Liv Turid. Det var framvisning av bilete frå dagen og etterkvart lett underhaldning frå eit samanraska padleband.
Søndagen vakna vi opp til så å seie vindstille og lettare ver:
Denne dagen var det høve til å finne stader der sjøen braut. Her eit par bilete frå føremiddagen:
Eivind likar betre å bade. Dette vart vondt..
På denne sida vert det lagd ut fleire bilete i løpet av veka. Vi hadde også med oss ein profesjonell fotograf (og båtførar .-). Blir spanade å sjå kva han har å kome med...
Og for dei som ikkje visste det: Bulandet er paradis på jord!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar