lørdag 16. oktober 2010

Atløy rundt!

Etter ei tid med mykje "padlearbeid" var det godt å få ta seg ein tur heilt åleine. Eg har sansen for å berre vere meg sjølv ute på ein lengre tur. Fordelen er også at det er mykje lettare å kome tett innpå dyr og fuglar, sidan det vert ein mykje stillare tur. Denne turen var full av slike opplevingar. Det var også ein fin sjanse til å få testa Exploreren.


 Dessutan kan det vere greitt å berre ha seg sjølv å stole på når vurderingar skal takast. Så lenge ein er godt utstyrt, er det lite fare forbunde med dette. Eg hadde med mobil, vhf, ekstra kle, ekstra åre, varm mat og drikke og sekk med vektøy og reparasjonsutstyr. Turen er i underkant av 30 km. Eg brukte fem og ein halv time, men hadde mange pausar undervegs.

Her er eg komen på nordsida med utsyn vestover. Kinn i horisonten. På denne sida av øya var det omtrent flatt hav.



Her er eg ved Kjørrvika. Her er det eitt hus utan veg fram. Oddgeir Bruraset kjem vel snart. ;-)


Her er eg komen så langt vest at eg skimtar Alden. På vestsida av Altøy var det veldig flott. Mange småøyar med gode høve for padlarar å gå i land.


Her var det også mykje havørn. Såg 4-5 i dette området. Her er to av dei:


Bra med liv i sjøen var det også (Desse viser betre om du klikkar på dei.):



Fyret ved Hansholmen der eg tok matpause:



Tomatsuppe og brød vart eit festmåltid for ein småkald kropp:


Litt geologi:  Her var det innslag av mjølkekvarts i bergarten. Dette finn du også att i Brurastakken som eg kom til seinare på turen.


Ein kolloni med sneglehus i nesten perfekt trekant:


Denne øya heiter Tviberg (sjølvforklarande):


Brurastakken på sørvest på Atløy. Eit kjent geologisk område. Vil du lese meir om Brurastakken finn du litt  HER


Utsikt sørover. Alden og Værlandet:


På øyane sør for Brurastakken var det mykje sel. Då eg kom forbi spratt det 7- 8 stk i sjøen. Her er den tøffaste (og mest nyfikne) i gjengen:


Kompisane var her:


Kyrkja på Vilnes. Den er frå 1600- talet. Der har vi gifta oss og døypt to av ungane våre. Ei kyrkje med mykje historie i veggane. Du finn meir informasjon om kyrkja HER


På veg innover mot Sauesundet. Måtte ha ein pause no.. Merka kilometrane i kroppen.


Pause!  Bilete er uklart, men skildrar den formen eg var i på dette tidspunktet så godt, at eg vil bruke det. ;-)


Heime i Askvoll.  


Å padle 30 kilometer på ein dag er i overkant av det eg klarar. Eg er stort sett van med to- timarstur ut for å rulle, herje og plaske. Eg brukte grønlandsåre heile vegen på denne turen. Noko anna er utenkeleg for meg. Å padle så langt med euroåre hadde garantert resultert i senebetennelse.


Kajakken eg brukte var fin å padle.  Spesielt med, og mot bølgjene oppførte den seg eksemplarisk. Noko anna var det då eg skulle padle parallellt med bølgjene. Denne kajakken hadde ikkje senkekjøl ( teke vekk), og det trur eg den MÅ ha.. Den hadde ein lei tendens til å vende opp mot vinden. På heile sørsida  kom det vind ned frå fjella og då måtte eg kante og padle mykje med ventre arm for å hindre at den la baugen mot land. Det er ikkje utenkjeleg at setet eg har montert, kanskje burde vore lengre bak, sidan akter på kajakken vart for "laus". Måten eg pakka på kan også ha noko å seie. Hadde like mykje vekt framme som bak.

Har lengje tenkt på å padle rundt Atløy. Det er ein slik "må- gjere" ting.. Dessverre vart eg slått av to damer. Eg fann også mange matdeponi og hundelik etter deira ekspedisjon rundt øya.

Men dei padla ikkje heile turen på ein dag.. ;-)

Denne turen kan lese meir om i Lene sin blogg, som du finn HER



5 kommentarer:

  1. Herlig fortelling og flotte bilder.
    Har selv padlet 30km på en dag i Aquanaut HV, og det var en tung tur he he... Det er liksom ingen vits i å forsøke å holde høy fart. Kajakken setter seg liksom rundt 6 km/t.

    For meg er 30 km max på en dag. I hvertfall hvis man må padle dagen etter også.

    Kjempefin blogg du har :-)

    SvarSlett
  2. Flott innlegg, det var veldig spennende. Likte særlig at du har med undervannsbilder, rart vi deler så få slike i padlebloggene, vi ser da nedover også når vi padler. :) (?)

    SvarSlett
  3. Takk Jørn! At ein blir så sliten som eg vart av 30 km, fortel vel det at eg må jobbe litt meir med teknikken min. Brukar framleis for mykje armar.. Men artig med ein lengre tur! :-)

    Miamaria: Undervassbilete er flott, men har ofte ein tendens til å bli uklare. Lysforhald og kor klar sjøen er, spelar sjølvsagt ei rolle. Det er vel klarast i sjøen om vinteren?

    SvarSlett
  4. Ein av mine favoritturar. Du må prøve turen frå Bulandet til Askvoll også :-)

    Takk for god lesing.

    SvarSlett
  5. Då snakkar vi ein del lengre tur eller? Elles er eg litt skeptisk til å krysse frå Værlandet til Atløy åleine. Litt utsatt område det der.. Vi får ta turen i lag ein gong.

    Vendar Exploreren din seg mot vinden i sidevind (utan skeg), Torbjørn?

    SvarSlett