torsdag 14. oktober 2010

Seteskift på NDK Explorer

Njord AS hadde ein NDK Explorer som trengde eit nytt sete. Det gamle setet var lausna i festa på eine sida og allereie reparert fleire gonger på kvar side. Men dette viste seg å ikkje halde så godt. Eit nytt valleysete måtte til. Eg skulle få låne kajakken ein periode mot å gjere arbeidet. Ein god avtale for meg!  :-)
Sidan valleysetet  har skruehol oppå, måtte det borast i Exploreren.

1:

Før det gamle originale sete var fjerna, merka eg av framkant og bakkant i botnen på kajakken. Det nye måtte vere mest mogleg lik i plassering. Om dette vert endra, vert eigenskapane til kajakken endra også.. Det nye setet er lengre (har meir støtte til låra), slik at det er bakkanten som er viktigast å følgje.



2:

Eg sikta ovanfrå og prøvde å få bakkant mest mogleg likt som det gamle setet.


3:

Så teikna eg rundt eine skruen med tusj der det måtte borast. Valleysetet har fem ulike innstillingar i lengderetning, slik at det er mogleg å regulere litt etterkvart.


4:

For å sikre at setet ikkje ville bli montert skeivt, brukte eg tau frå bærehandtaket bak for å måle kor skruehola skulle vere på den andre sida av cockpit..


5:

For at det nye sete skulle få plass måtte restane etter det gamle vekk.



6:

Då måtte eg bruke vinkelslipar. Det vart eindel støv (type farleg) under denne prosessen, så her er maske og briller smart..


7:

Så var det berre å bore. Tynt bor først.



8:

På med plata med feste til skruene under. Desse har to skruefester, men erfaring med Cetusen (skifta sete på den tidlegare) har vist at ein skrue på kvar side er nok.




9:

På med polstringane på sidene.


10:

Ferdig resultat. Explorer med valleysete.




Og i morgon er det prøvetur..




2 kommentarer:

  1. Genialt!
    No skal eg bytte sete i min også. Takk for gode bilete og beskrivelse.

    SvarSlett
  2. Måtte eit Valleysete til for å få ein god kajakk ja...hehe. Flott beskrivelse ! Tippar Roy Ove og tenner å dette.

    SvarSlett