mandag 27. september 2010

Grunnkurs elv i Stardalen!

Helga 25. og 26. september var eg med på grunnkurs elv i Stardalen. Elva var ein grågrønfarga breelv, og var difor ganske kald. Før vi starta padlinga, fordelte vi elvekajakkane.
Stardalselva var ein flott stad for grunnkurs. Litt av kvart å øve seg på. Alt frå sakterennande djup elv, til grunn, rasktrennande med små stryk. I følgje Torbjørn var denne elva frå grad 1 til 2.

Her er vi klare til å gå utpå. Torbjørn Nordeide (instruktør) forklarar litt:

Andre´ mot straumen. Han hadde nok den mest krevjande kajakken, og var vel den som måtte symje mest:

Det var fem deltakarar på dette kurset. Tre frå vår klubb, Askvoll padleklubb og to andre. Dei var dykkarar begge to og godt van med vatn. Under kurset øvde vi på traversering (forflytning frå ei side til andre), kanting, svømming (mykje svømming..) og tauing.

Kristofer jobbar på:

Her er vi komen nedover mot Våtedalen. Her var det ganske rolege forhold:

Torbjørn inn i straumen. Artig å sjå på ein padlar med stor kontroll i slike forhold!

Nokre stader var det svært grunnt og mykje straum, så det vart ein del velt. Rulla sat nokre gongar, men vart litt "nedpsyka" av steinane som dunka mot hjelmen. Difor vart det ein del "wet- exit".

Her er eit bilete av Oddvinn og kajakken. Kvar for seg ;-)


Her eit bilete av meg i Creek- kajakken:

Det var eit svært lærerikt kurs og kjempehyggjelege folk! Overføringsverdien til havpadling (og spesielt brottpadling) som eg driv med til vanleg, er stor; Manøvrering og kontroll på vatn i rørsle.

Fleire bilete og tre videoar frå kurset ligg HER

Dei beste bileta og meir utfyllande tekst, sparar eg til ein artikkel som kanskje kjem i bladet; Padling.. ("Blod-på-tann- syndromet")

5 kommentarer:

  1. Dette såg heftigt ut ja! Trur eg held meg på havet.

    SvarSlett
  2. Elvepadling var veldig moro, men med havet 5 min unna og næraste elv nokre timar unna, vert det nok mest hav på meg framover også. Men nokre småturar blir det nok ;-)

    SvarSlett
  3. For meg er det langt både til elv og til hav. Dvs, Glomma er nær, men den versjonen som renner forbi her, er heller dvaske greier.
    Mitt første møte med kajakken, var elvepadling i ei ganske så yr elv i Bayern. Jeg glemmer aldri den turen og må snarest prøve det igjen. Havpadling blir litt for stille for meg... Tar imot tips om du vet om et slikt kurs igjen!

    SvarSlett
  4. Hei igjen!
    Glemte å takke for flotte bilder og super reportasje i "Padling"! Det var jo der jeg fant deg :-)

    SvarSlett