fredag 24. september 2010

Klubbtur med ny kajakk!

Torsdag 23. september var Lene, Oddvinn, Oskar og eg ein liten tur utpå. Eg fekk prøvd den nye kajakken eg har kjøpt. ein Tahe Marine Greenland T (aramidforsterka): Slik ser den ut:

Veldig nøgd med kajakken. Knallbra til ruller og andre triks. Eg blir overraska kvar gong eg prøvar ein Greenland over kor rask den er. Med grønlandsåre og rett teknikk kan ein kome opp i ganske bra tempo.
Det var litt vind og sidan Oskar (9 år) var med, vart det ikkje noko lang tur. Berre krysning av bukta og tilbake. Etter turen vart det tid til litt trening på static brace, rullar og anna.


Lene fekk vise at ho ikkje har langt att til rulla. Her i fin static brace:

Oddvinn rullar:
video

Du finn ein video med handrulla i greenlanden her

Her er ein video av ein "butterflyrulle".

Med litt kald nordavind, vart det ein kort tur på sjøen i går, men eg fekk prøve kajakken så mykje at eg har begynt å glede meg til vinteren med mykje rulletrening. Men først er det grunnkurs elv i helga..

4 kommentarer:

  1. Ååå, det er en flott båt ja!

    SvarSlett
  2. Nykajakken var knallfin! Kjekt at Oscar ville vere med! Bra klubbkveld. Men ser at vi kan jobbe litt med lys/vinklar for å få endå betre filmsnuttar.. Må no stå i stil med kvaliteten på rullene...;o)

    SvarSlett
  3. Nydelig båt om æ får lov å si det.
    Har sjøl en Greenland og e veldig fornøyd.

    SvarSlett
  4. Lene: Ja, sånn sett står no rullane i same stil som kvaliteten på filmen. Handrulla er ikkje heilt finslepen enno..

    Miamaria/ Storboktingen: Ja, dette designet er flott. Og SÅ god til rulling. Som skapt for det. Må berre postre inni cockpitten her og der. Ikkje heilt tilpassa meg endå.

    24. september 2010 18:35

    SvarSlett