No har eg fått min eigen tuilik. Brooks Custom Xl, kjøpt her i frå.
Klar til rulling med romsleg tuilik.
Etter litt oppvarming med vanlege standard grønlandsruller, var det tid for dei litt meir kompliserte. Først butterfly:
Frå kajakken:
Så handruller. Begge sider:
Frå kajakken:
Så det STORE problemet; Reverse sweep.. Får det ikkje til.. :-/
Frå kajakken:
Sjølv om eg har sett denne videoen nokre gonger, og prøvar å fokusere på å gjere det rette, blir det berre tullball. Desse framoverlente rullene er nok som å lære rullene på nytt. Og eg trur eg har ein veg å gå. Viss det er nokon som har tips, set eg pris på tilbakemeldingar! :-)
tirsdag 25. september 2012
mandag 17. september 2012
Rulleøkt med Tuiliq
I ettermiddag vart det ein liten rulleøkt på Øyra. Denne gongen med tuiliq. Litt uvant å ha eit plagg SÅ tett innpå kroppen, men det er i alle fall god isolasjonsevne på Brooks sin modell. Eg brukte ikkje vest i dag. Eg var berre i nærleiken av stranda heile tida. . .
lørdag 8. september 2012
Kort kveldstur.
Sidan det har vore ekstemt travelt i det siste, har padlinga blitt lagt på hylla i denne perioden. Men i ettermiddag dukka det opp eit høve. Huset var vaska og støvsuga, og eg kunne ta meg ein tur utpå, med godt samvit!
Klar til tur! Grønlandsåre og Goltziana Marlin i dag:
Stille og fint utpå.
Nokre stader var det store stimar med småfisk i overflata:
Litt rulletrening måtte også til..
Ein kort tur er betre enn ingen tur! .-)

tirsdag 14. august 2012
Teknikkurs UNG
Måndag 13. og tysdag 14. august heldt eg mitt første teknikkurs som turleiar. Fem deltakarar frå 13- 18 år hadde meldt seg på dette ungdomskurset. Veldig kjekke og lærerike dagar, både for meg og deltakarane. Stor takk til Roger, som var med som god hjelpar tysdag, då vi var i Staveneset. Vanlegvis er dette eit verhardt område, men denne dagen var det ganske flatt hav..
Alle bileta frå dei to dagane finn du HER.
Alle bileta frå dei to dagane finn du HER.
mandag 30. juli 2012
På tur med gutta boys!
I dag vart det ein padletur med mine to eldste gutar, Oskar (11) og Isak (14). I starten var det roleg på sjøen, men dette skulle forandre seg utover dagen. Fordi finver i Askvoll = vind..
På veg utover mot Flatøyna:
Pause ved Prestøyna:
Padling utan bading, er ikkje padling for ungar..Her utan kajakk:
Så trening på å tippe rundt, med redningar:
Utover dagen kom den trufaste nordavinden og bygde opp ein del sjø. Litt sleping vart det, spesielt over dei lengste strekka:
Fekk også teste ut filmkvaliteten i HD på det nye kameraet.
Kvaliteten vart ikkje så bra, men dette skuldast vel alle flaskehalsane i systemet: (Opplasting/ photobucket/ google blog/ hastigheita på nettet osb). Videoen såg i alle fall grei ut på kameraet.
Under: Same video, men lasta inn rett frå maskin til blogg. Ingen forskjell i kvalitet..

søndag 29. juli 2012
Test av nytt kamera
Etter nokre fine dagar i Sogn med fotturar og hytteliv, var eg klar for sjøen igjen. Turen i kveld var også ein test av det nye kameraet eg har skaffa meg: Canon D 20
Det er ein vidareutvikling av apparatet eg har hatt ei stund, Canon D 10.
D 20 har GPS- funksjon (Har ikkje sett meg inn i det endå..) og HD- filming. Prøvde litt filming i dag, men av ein eller annan grunn var innstillinga på "super slow motion".. Her er i alle fall bileta eg tok i kveld:
Ut mot Stavfjorden:
Fin solnedgang i kveld også:
Litt imponert over at kameraet får med seg alle avspeglingane i sjøen:
Syns kanskje D 20 tek klarare bilete. skal prøve å ta med begge på neste tur for å samanlikne.
Då sola gjekk ned, kom månen fram for å ta hundevakta..
Nydeleg kveld på sjøen!

mandag 16. juli 2012
Grunnkurs!
Laurdag 14. og søndag 15. juli, hadde eg grunnkurs for 5 deltakarar i Askvoll.
Klar for kurs:
Jannicke og Eli:
Etter trening på diverse teknikkøvingar laurdag, var det klar for redningar::
Mykje bading laurdag ettermiddag:
Søndagen var turdagen. Då padla vi utover i laber bris, med litt repetisjonsøvingar undervegs. Her ved Lauvholmane:
Grunnkurs skal også vere kos. Her ein pause ved Olsethamna:
På veg ut att. Vi var nok borti å snusa på tostejerners forhold. Men ikkje noko som skremte deltakarane.
Stabiliteten av flåta må sjekkast:
Sporty og kjekk gjeng!
Knut skal bli industrimekanikar. kanskje med ferjeskrog som spesialitet?
Lunsj ved Olset:
Det vart også tid til ein tur inn Leira:
Kurset vart avslutta med nok ei treningsøkt med redningar:

Abonner på:
Innlegg (Atom)