søndag 29. juli 2012

Test av nytt kamera

Etter nokre fine dagar i Sogn med fotturar og hytteliv, var eg klar for sjøen igjen. Turen i kveld var også ein test av det nye kameraet eg har skaffa meg: Canon D 20


Det er ein vidareutvikling av apparatet eg har hatt ei stund, Canon D 10.

D 20 har GPS- funksjon (Har ikkje sett meg inn i det endå..) og HD- filming. Prøvde litt filming i dag, men av ein eller annan grunn var innstillinga på "super slow motion"..  Her er i alle fall bileta eg tok i kveld:


Ut mot Stavfjorden:


Fin solnedgang i kveld også:


Litt imponert over at kameraet får med seg alle avspeglingane i sjøen:




Syns kanskje D 20 tek klarare bilete. skal prøve å ta med begge på neste tur for å samanlikne.




Då sola gjekk ned, kom månen fram for å ta hundevakta..


Nydeleg kveld på sjøen!

5 kommentarer:

  1. Flotte bilder! Må få høre mer om kameraet når du har fått testet det mer ut!

    SvarSlett
  2. Interessant kamera! Og ikke minst nydelige bilder! Ser at kvaliteten er bra. Har lenge gått å vurdert vanntett men synes ofte at bildene blir kornete og mørke, men disse var skikkelig bra.

    Regner med jeg får se flere bilder fra kameraet etterhvert:))


    Jill:)

    SvarSlett
  3. Takk for hyggjelege tilbakemeldingar! Ja, kameraet skal testast ut for alle penga! Litt skuffa over at HD- film ikkje fungerar så bra på nettet, men dette kan jo ha med diverse innstillingar å gjere også..

    SvarSlett
  4. Hi Odin, the D20 seems to take some super pictures! It deals with the contrast in the sunset really well; and what an evening to try it for the first time!

    Kind Regards

    SvarSlett
  5. Flotte bilde! Vert spennande å følgje med på testinga av nykameraet vidare.

    SvarSlett