fredag 5. mai 2017

Introkurs med #Fjordchallange

Torsdag 4. mai hadde eg eit nytt kurs med tyske turistar som deltek på bruderleichtfuss sin #Fjordchallange- veke.

Vi var veldig heldig med veret. Litt vind, men ingen problem å manøvrere kajakken for spreke friluftsfolk.


Sjefen for #Fjordchallange; Timo Peters



Etter utdeling av utstyr, litt padleteknikk, og korleis løyse trekket ved velt, var deltakarane klar for sjøen.. Første delen held vi oss på stranda, for å gjere unna eventuelle ufrivillege velt der.













Heile gjengen samla:



Turen gjekk innover mot Straumsbrua. Her er det litt av kvart å sjå..







På denne turen køyrer eg det meste av instruksjonane i starten og slutten av kurset. Resten av turen prøvar eg å late naturopplevingane synke inn i deltakarane, og seier då minst mogleg..






På veg tilbake til Øyra.








På slutten tek vi det å tippe rundt/ løyse trekket, og dei fleste gjennomførar også då eigenredning. (sjølv om dette eigentleg ikkje er pensum på introkurset). Kameratredning vert også demonstrert..


Sidan det er så kaldt i vatnet no, var det lurast å vente med badinga til slutten.

Nok eit kjekt introkurs med glade friluftsinteresserte menneske! Og stor stas å få våttkort med introkursoblat :-)

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for det fantastiske opplevelse!

    SvarSlett
    Svar
    1. Berre kjekt, Timo! Og det er ingen problem, når eg har ein så flink assistent med meg :-)

      Slett