søndag 16. mars 2014

Herr Fomlesen!

Har tenkt ei stund på om eg skal publisere denne videoen. Den framstillar jo ikkje akkurat meg på ein overbevisande måte.. sånn rullemessig. (Videoen er ca ein månad gammal)

Saka: Eg ville prøve på å setje årepose på enden av åra på venstre sida, slik at eg fekk øve på den siste vippen opp når eg går framover på reverse sweep.



Denne situasjonen kjendes veldig ubehageleg ut der og då, men eg opplevde aldri den som dramatisk. Ein kan jo alltid dra seg ut av cockpit. Men dette sit langt inne for meg med våtbukse under tuiliken..

Det som skjedde var at eg ikkje klarte å flytte åra framover i set up posisjon til å utføre ein vanleg bakoverlent rulle. Og då måtte posen av. Dette viste seg å ikkje vere heilt enkelt. Trudde det var lett å skubbe den av årebladet, men eg hadde visst stramma tauet for hardt. Difor vart de litt fomling med posen med litt sporadisk luftinntak..

Læring i denne hendinga, er at øving med årepose er ikkje berre berre. For min eigen del, trur eg at eg droppar å øve med slikt på åra. Grunnen er at om ting skulle feile, vil eg alltid vere klar til ein bakoverlent rulle. Viss eg skal bruke slikt igjen, vil eg i så fall berre halde i åreposen (som ein avataq) og ha åra klar under strikken på framdekket når eg treng den.

4 kommentarer:

  1. Hva med en reserveåre på dekk? Det har alltid jeg, og da e det bare å "ditche" åreposegreia og rulle opp med reserveåra. Samme teknikk som ved f.eks. mislykket norsaq-rulle.

    SvarSlett
    Svar
    1. Joda, vanlegvis har eg med reserveåre (stormåra) på dekk. Men når eg skal berre øve på visse rullar, hendar det at eg droppar det.

      Slett
  2. Så en smule ubehagelig ut. Jeg prøvde årepose en gang i basseng, før jeg lærte rulla. Det ble med den ene gangen, av samme årsak. Den ødela liksom hele greiene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Less is more. Sjølv har eg også kutta vesten når eg driv med rulletrening. Så lenge eg er i gåavstand til land, vel og merke.. Til lengre turar blir det jo litt meir stasj.

      Slett