torsdag 3. oktober 2013

Stormsamlinga 2013 i Bulandet

Då var Stormsamlinga vel overstått i år også! Eg har vel aldri padla SÅ lite, på nokon Stormsamling før. Det skuldast nok mest at bandet mitt, Sunday Morning skulle spele laurdagskvelden. Det var tiårs- jubileum i år, så padleklubben hadde slått på stortromma..

Fredag ettermiddag hadde likevel Jørn Magne, Oddvinn og eg oss ein flott tur nord for Gjørøyna:


"Excite- kameratane"


Jørn Magne i sin Tiderace 


I dette området er det mange trange passasjar.




Fin solnedgang:


Bølgjene braut ikkje så mykje denne kvelden. Det var nesten vindstille..


 Ein beinstrekk måtte til.






Synkronrulling med Tiderace Exciter:




På veg innatt:




Laurdag vart det ein liten føremiddagstur. Då var det gråver og meir vind. Dei som ville ut å leike i bølgjene fann nokre stader som var brukandes..

Laurdag kveld var det dans i floren til Liv Turid (Foto: Marit S. Leirvåg):


Fleire bilete frå treffet ligg på Askvoll padleklubb si heimeside, og ein rapport frå samlinga finn du også her på bloggen til Marit.

2 kommentarer:

  1. Så flott på fredagen då....!! Det e meir sånn padling som eg foretrekke ,men var jo kjekt å prøve seg i litt meire "rosjne" forhold og då ;)

    SvarSlett
  2. Eg har nok blitt meir glad i turpadling i rolege forhold,enn eg var tidlegare eg og..

    SvarSlett