onsdag 23. oktober 2013

Lendal Kinetic Touring S



Euro- åre kjøpt i utlandet og betalt i euro..Neida! Dette er ei ny åre, men ein gamal modell. I Europa har Lendal blitt til Celtic paddles (som no er Nigel Dennis sitt merke), medan Lendal framleis vert seld som eit eige merke i U.S.A.

Denne åra vart kjøpt av Bert frå den tidlegare kajakkbutikken; Nome kajakk. Fekk også med eit futteral. Han har framleis nokre årer att, som en kan sjå her.

Eg har ein slik eldre Lendal- åre frå før. No er jo eg eigentleg ein grønlandsåre- fan, men for å vere euro- åre, er dette ein av dei betre modellane. Frykta var at eg må padle med ein annan modell, om den eg har vert øydelagd, eller forsvinn.. Den gamle til venstre, den nye till høgre:


Den nye kan varierast i lengda frå 216- 221 cm. Den gamle er i ein fast lengde (220 cm)


S- årene vert av og til kalla for "dameårer" av nokre, på grunn av det beskjedne arealet på blada. For min eigen del, må det vere lite areal på blada viss eg i det heile tatt skal padle euro. Det handlar om å anten å ha låg frekvens og flytte vassmasser sidelengs, eller høgare frekvens og dra seg framover på ein meir effektivt måte. Og då er valet enkelt for meg.




Desse Lendal- årene tek så mykje betre "tak" i vatnet enn Werner- årene. Dei har eit ganske krumt blad, som bilete viser:


Denne modellen kan justerast i lengd og i vridning med Lendal sitt paddlok- system.


Litt modding må til på denne, før eg kan bruke den. Den har forhøgning på venstre åreskaft.Den må eg flytte til høgre. Det gjorde eg også på den forrige. Brukte svart elektrikartape som har halde seg bra etter fire år med hard bruk..


Det finns også Lendal- årer i 4- delte utgåver, som er i heil karbon. Men eg meiner dei med nylon- blad (N-12), er vel så gode. Dei toler meir, og oppleves som litt mjukare å padle. Det negative er sjølvsagt vekta.. Desse årene er ein del tyngre enn moderne heilkarbon- årer.

2 kommentarer:

  1. Heilt einig, dei går/sitter/biter mykje bedre i vatnet enn Werner sine. Trudde Werner var det beste heilt til eg tok opp at Lendal/Celtic.

    SvarSlett
  2. Synd at det har vore ein del tull med Lendal dei siste åra med produksjon/forhandlarar/kvalitet osb..

    SvarSlett