lørdag 16. juni 2012

Reverse sweep

(Eller kanskje "Perverse Sweep"..)

I kveld ville eg prøve å få til reverse sweep- rulla. Denne startar på bakdekket på eine sida, og ein skal kome opp på motsett side med overkroppen på framdekket.

Etter å ha sett (og skrive ein omtale av) denne dvd- en, tenkte eg at denne rulla skulle vere mogleg å få til, men..



Ut i få det som eg hugsar frå "This is the roll", så er det viktig å ha bryst og ansikt vent nedover gjennom heile rulla. Det ser ut som kanskje dette er det største problemet mitt

Eitt forsøk til:



Det er sikkert for liten kraft på løfte- kneet også, i tillegg til at den øvste armen min er for høg..

Neste gong vil eg prøve med grønlandskajakken, tuiliq og svømmebriller. Då er det litt lettare å orientere seg. Uansett er dette som å lære seg rulla på nytt. Det er ingen overføringsverdi frå den klassiske bakoverlente grønlandsrulla i alle fall.

Tek gjerne imot tips, viss det er nokon som ser andre ting..


4 kommentarer:

  1. Dette kjem du til å klare! Jobbar med motivasjonen på vanleg rulle her..

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaudå. Det trur eg og. Må berre finne ut kva eg gjer feil.. Berre så rart at denne rulla er HEILT forskjellig frå den bakoverlente.
      Lukke til med innøvinga di. Du klarar det heilt sikkert! :-) Øve, øve, øve og øve..

      Slett
  2. Ikke at jeg kan denne rulla akkurat, men tror du må trekke til deg åra mer på slutten, samt trekke kroppen mer innover og fremover fordekket. Avslutningen skal være ganske lik stormrulla om jeg har oppfattet riktig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det har du nok rett i, Marit! Må nok kikke litt meir på dvd- en. :-)

      Slett