søndag 13. mai 2012

Grunnkurset som nesten bles bort..

I helga heldt eg grunnkurs for fem deltakarar.


Laurdagen var det ganske fine forhold, men vinden auka utover dagen. Vi måtte avbryte ein tur vi skulle gjennomføre, på grunn av vind og bølgjer på opp mot ein halv meter. Ikkje så dramatiske forhold, men for mykje for nybegynnarar på kurs..

Her frå matpausen ved Olset.


For å ta grunnkurs i mai må ein vere ganske sporty, og klar for kalde bad. Sidan det ikkje vart noko langtur, vart det desto meir trening på teknikk, og bading. Dei med tørrdrakt hadde det nok betre enn dei utan..


Seint laurdag ettermiddag roa det seg heldigvis såpass ned, at vi brukte tid på å trene redningar.. Vi hadde ein lang økt på laurdagen, sidan det var meldt stiv kuling dagen etter.
Under: Silje og Ragnhild som øvar på kameratredning:


Oddbjørn skal øve åreposeredning:


Søndag var det som meldingane spådde; stiv kuling. Området ved Øyra var ikkje eigna for grunnkurs- deltakarar, så vi frakta kajakkane til moloen på Olset. Området ligg i le, og vi fekk repetert teknikkane frå førre dag. Marit og Johnny:


Marit:


Silje:


Ragnhild:


Johnny trivst godt i vatnet!


Viktig å trene på låge støttetak!


Dei som hadde med rorkajakk, måtte gjennomføre størstedelen av kurset, utan å bruke roret. Dei fekk mange overraskande, men positive opplevingar. 

Takk til deltakarane, som tok både veret og utfordringane som ekte vikingar! :-)

Marit sitt blogginnlegg frå kurset finn du HER.

4 kommentarer:

  1. Morsom lesning. Holder på med forberedelser til grunnkurs 2-3 juni. Her står også planlegging og gjennomføring av tur på programmet.
    Men plan B er også klar :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Plan B for, oss var eigentleg å snu. Området utafor var like ille i høve til bølgjer. Og det er viktig å ikkje skremme nybegynnarar! :-)

      Lukke til med grunnkurset i juni!

      Slett
  2. Kjekt å sjå :) Eg og Johnny takka for ei kjekke lærerik helg,føle no det var ekstra lærerikt sidan veret vart som det vart.Gleder oss til varmare ver,då blir det mykje øving :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig bra at de ser slik på det! Og ja, det er no læringa startar. Øve mykje på eiga hand. De er heldige som kan øve i lag.

      Slett