søndag 15. april 2012

Siste vintertur?

Kalenderen viser 15. april, eg har skifta til sommardekk og våren er her!
Eller?

Etter ei helg med få plussgradar og snøbyger, kan ein kanskje ikkje ynskje våren velkomen endå?

Denne grågåsplogen var i alle fall litt forvirra. Den flaug litt mot nord og så mot vest. Kanskje den ville snu tilbake til varmare strøk? Forstår den godt i så fall..


Litt av poenget med kveldsturen var å få testa det nye setet. Blir aldri heilt fortruleg med NDK- seta, så eg har skifta til Valley:


Det fungerte greitt, men vart litt for smalt. Litt padding på sidene må fjernast.

Klart for padling mot den friske brisen frå nord:


Litt plasking vart det med bølgjene i mot, men Exploreren er grei sånn. Den trivst best med litt liv i sjøen.


På veg heimover var det faktisk høve til å surfe. Sjølv om desse små fjordbølgjene er vanskeleg å fange, er det moro likevel.


Fint med vinterturar også, men no er eg klar for våren!

1 kommentar: