mandag 23. april 2012

På tur med minstejenta!

Det har sine fordeler å vere heimeverande på måndagar, og i alle fall når veret er slik som i dag.
Olivia og eg hadde oss ein liten tur i dobbelkajakk i føremiddag. Ho er tre og eit halvt år, og dette er hennar andre tur i kajakk.  Ingen åre, pinne er best!


Framme på stranda på Olset:



Når ein er på tur, er kakao sjølvsagt..


På oppdagingsferd i fjøra..Her er alt dei ynskjer; vatn, pinnar, daude dyr, levande dyr, tang, skjel osb.


Kakaopause:


Klar til heimturen:


Vi var også ein tur innom båthamna. Der ligg min dårlege samvit. Ein 24 fots tresnekke, med 22 hk sabb. Ein veldig bra båt, men har blitt neglisjert etter at eg vart biten av kajakk- basillen... (Til sals til dei som har fritid til overs).


På veg heimover:



1 kommentar:

  1. Så utrolig kjekt dere har det!! Skal tru for ei glede å få være med papsen på tur!!!

    Gleder meg til barnebarnet blir stå stor han kan også bli med i kajakken.

    Utforske naturen sammen med barna er virkelig kjekt! :))

    SvarSlett