tirsdag 3. april 2012

Bulandet!

I dag var Roger, Oddvinn, Tron Ivar og eg ein tur ut til Bulandet. Etter skraping av is frå bilane, pakking og ferjeturen ut, var vi klare for padling. Roger med nye solbriller. Stolt som ein hane!


På veg ut til første leikeplass. Her kom det inn bølgjer som var fine å leike på:





Noko lange surfar vart det ikkje, men moro var det likevel!



Roger med ein sidesurf:



Tron Ivar med surfekajakken:


Oddvinn får vaske seg:


Etter ei stund, vart det så grunt at vi forflytta oss til Sandøy, der vi tok lunsj.


Påske- stemning i solveggen:


Tron Ivar hadde med seg P&H Delphin.. Den fekk eg prøve etter pausen. Artig surfekajakk og veldig stabil, men vinden tek lett tak i snuten. Den er jo nesten ikkje nedi sjøen framme...


I Bulandet er det vanleg å sjå ørn:


Her er vi på veg til leikeplass 2:


Det kom svære bølgjer over berget her. På baksida var det ein bra treningsplass:





Roger på veg ned i taren:


Etterkvart vart det så kald vind og mykje vindbølgjer, at vi var fornøgde med dagen.

Ein flott, men kald dag i Bulandet, gjekk mot slutten.

11 kommentarer:

  1. Ser ut til å ha vært en herlig tur, men savner bilder av blogger'n :-))

    SvarSlett
  2. Du veit at det er fotografens lodd i livet.. ;-) Var nok ute i bølgjene eg og. ;-)

    SvarSlett
  3. Flotte bilder - flott natur! Freske guta!

    SvarSlett
  4. Takk for det! Ja, det var ein frisk tur. Litt for kaldt til å bade så veldig mykje!

    SvarSlett
  5. Ahhhh! Bulandet!! Såg fint ut! Flinke gutar som kjem seg ut på tur..Fine bilde og. Kvifor panoramaformat på alle?

    SvarSlett
  6. Eg har snitta litt på alle bileta ja. Det har ein tendens til å bli mykje himmel og hav på bilete teke frå kajakk i Bulandet.

    SvarSlett
  7. Det så ut som en kjekk tur. Fine bilder!

    SvarSlett
  8. Herlig tur med herlige solskinnsbilder:) God Påske forsatt!

    SvarSlett
  9. Du har en artig og spennende blogg! Imponert over bilder og lay-out også!

    SvarSlett
  10. Takk for hyggelege kommentarar! Kjekt at det vert sett pris på! :-)

    SvarSlett