onsdag 1. februar 2012

Meir snurring rundt!

I ettermiddag måtte eg trene litt meir på grønlandsrullene. Det var 2 minus, men vindstille i dag. Så det var ikkje så kaldt som eg hadde trudd.

Her er først litt oppvarming (eller kanskje nedkjøling..) med eit par butterfly- rulle :



Så ein rulle med Norsaq:



Eg syns eigentleg at det er lettare med handruller, enn med å bruke norsaq. Kanskje eg tenkjer litt for mykje på norsaqen som eit åreblad? Her er nokre handruller til slutt. Den siste, ikkje heilt bra..



Så video frå kameraet på land. To handruller og ein norsaq- rulle. Det går ikkje an å redigere på dette kameraet (Olympus SP-800UZ), difor måtte eg finne eit gratis redigeringsprogram på nettet. Difor tekst midt i, og uvøren videoovergang mellom snuttane...



Tahe Marin Greenland T. Ein vakker kajakk:

2 kommentarer:

  1. Fine ruller! Likar at du legg ut fleire korte snuttar heller enn å redigere det i hop. Men at du finn inspirasjonen til dette på denne årstida her altså....;o)

    SvarSlett
  2. Det går ganske greitt eigentleg. Kaldast på fingrane. Syns det er viktig å kunne rulle heile året, når eg padlar heile året. Skvett litt vatn i ansiktet før eg startar.

    Blir godt humør av kaldt vatn!

    SvarSlett